Små og store var med på turen Os Røde Kors arrangerte førre veke. Her er nokre på veg over Knutabruo i Osmarka.
Små og store var med på turen Os Røde Kors arrangerte førre veke. Her er nokre på veg over Knutabruo i Osmarka.

Opne grenser - eit sosialt treffpunkt

Os Røde Kors jobbar i desse dagar med å etablera eit nytt tilbod i Os, «Opne grenser». Dette skal vera eit sosialt treffpunkt for flyktningar og andre som har lyst å utvida nettverket sitt.

- Me er så vidt komne i gang med å planleggja aktivitetar og sosiale samkome for hausten, men me håpar på å få med oss fleire friviljuge i dette arbeidet, seier Marianne Kramer, som er primus motor for Opne grenser-prosjektet til Os Røde Kors.

- Torsdag i førre veke hadde me ein fin tur til Knutabruo. Dette er ein fin stad å gå både for nye og gamle osingar. For oss nordmenn er turgåing viktig, og det er noko me gjerne tek våre nye landsmenn med på, seier Kramer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye gruppa legg opp til eit tett samarbeid med andre grupper i Røde Kors-familien, som til dømes Barnas Røde Kors (BARK). Tilbodet er for alle, born og vaksne av begge kjønn. Ein treng ikkje vera medlem av RK for å vera med på aktivitetar dei organiserer.

Marianne Kramer håpar på at fleire osingar, eller andre som har budd her ei stund, vil vera med i den nystarta gruppa, slik at dei kan tilby flyktningar og andre innflyttarar eit variert tilbod med fleire aktivitetar og hyppigare samkomer.

- Me reknar med at det kjem ein del flyktningar utetter hausten, ettersom Os kommune har sagt ja til å ta imot 45 flyktningar dette året. Då er det godt å vera litt førebudde på å ta imot dei. Så, jo fleire som vert med oss, desto betre vert det, seier ho.

Sommaravslutning

- Har de planar om utflukter eller sosiale samkome med det første?

- Ja, om ettermiddagen tysdag 14. juni kjem me til å arrangera ei sommaravslutning i Mobergsvikjo. Då satsar me på fint vêr, og at folk tek med litt mat og drikke og nyt dagen i godt lag med andre.

Gruppa har førebels hatt møte ein torsdag i månaden i Røde Kors-huset i Kolskogen. Får dei fleire med, kan ein arrangera fleire treff. For dei som har spørsmål, eller ynskjer å melda seg som friviljug støttespelar, er det berre å kontakta Marianne Kramer.