Opnar teststasjon i Eikelandsosen
Kommunen har vedteke å opna testastasjonen i Eikelandsosen.
Hovudbodskapet frå helseminister Bent Høie og statsminister Erna Solberg torsdag vore at ein skal halda seg mest mogleg heime, det vil seia treffe færrast mogleg personar.
I lys av dette har kommunen no teke grep i samband med testinga i Bjørnafjorden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Folk skal sleppa å reise unødvendig langt for å testa seg for covid-19. Difor har vi vedtatt å opna teststasjon i Eikelandsosen. Vi er i gang med arbeidet, og kjem tilbake med meir informasjon om dette så snart teststasjonen er klar, seier ordførar Trine Lindborg.