Med fargane lilla og grått, og ulven i bakgrunnen, vil tannlege Lene Sæbø Noss gjera det kliniske tannklinikkmiljøet litt mjukare.
Med fargane lilla og grått, og ulven i bakgrunnen, vil tannlege Lene Sæbø Noss gjera det kliniske tannklinikkmiljøet litt mjukare.

Opnar tannklinikk i Fusa

Om alt går etter planen, opnar Os-tannlege Harald Alexander Noss (43) og kona Lene Sæbø Noss (42) tannklinikk i Fusatun 12. februar.

Det er berre eit par månader sidan«Os og Fusaposten» melde om lange ventelister ved Fusas eine tannlegekontor.

No kjem hjelpa. I februar opnar nemleg tannlege Harald Alexander Noss flett ny klinikk i Fusatun på Fusa. To dagar i veka vil kona, tannlege Lene Sæbø Noss (42), ta imot pasientar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi startar med to dagar i veka. Så utvidar vi ved behov, og vil sjølvsagt vera tilgjengeleg på telefon kvar dag, smiler ho og opplyser at dei har tannlege klar dersom det trengst å utvidast til fleire dagar i Fusa.

- Vi har tenkt på det ei stund, men det var eit konkret spørsmål frå eigaren av Fusatun, Oddbjørn Frilund Halvorsen, som fekk oss til å gjera noko med det, seier Harald Alexander Noss.

Både han og kona framhevar huseigars positive innstilling som avgjerande for at han takka ja til tilbodet.

- Han har lagt alt godt til rette for oss, seier Noss.

Os, Tysnes og Fusa

Klinikken i Fusatun vert den tredje for Noss. Etter mange år som tannlege i Os, opna han i 2010 eigen klinikk på Tysnes og sidan eigen klinikk i Os i 2011. No kjem turen til Fusa.

- Vi startar heller noko nytt enn å kjøpa gamle klinikkar. Det er ei stor investering, men vi satsar på at det vil vera verdt det, seier han og vonar fusingane vil setja pris på å få eit utvida tannlegetilbod i heimkommunen.

Sjølv om Noss eig alle tre klinikkane åleine, er det altså kona, tannlege Lene Sæbø Noss, som skal ordna tennene til fusingane.

- Det er eg som eig butikken, men det er no ho som bestemmer alt likevel, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdas beste tannlege

- Fusingar som vil til tannlegen, kan ta kontakt for timeavtale alt no. Eg lovar at dei skal bli tatt godt vare på, seier Sæbø Noss.

Og i fylgje eit titals barneteikningar på veggen på Os, kan Fusa venta seg ikkje noko mindre enn verdas beste tannlegar. Den attesten har dei i alle fall fått på teikninga frå dottera Henriette (8).

- Ha-ha, vi er i alle fall opptekne av at pasienten skal ha det best mogleg, ler ho.

Fekk idé frå avisa

Eigaren av Fusatun er stornøgd med å få ein tannlegeklinikk i hus. Ideen kom då «Os & Fusaposten» skreiv at pasientar i kommunen laut reisa til tannlege i Os, Arna og Bergen på grunn av sprengd kapasiteten i heimbygda.

- Eg tenkte det var eit gyllent høve til å få ein ekstra tannlege til Fusa, smiler han.

Tannlegeklinikken er ikkje den einaste nyinnflyttaren i Fusatun. Nyleg flytta også Fusit Data & Teknologi inn, og frå før rommar bygget både matbutikk, frisør og rekneskapskontor.