Opnar nytt arkitektkontor i Os
Bergen Arkitektkontor ser stort potensiale på Os. Neste torsdag markerer dei opninga av sitt nye kontor her i bygda.
- Nyetableringa i vekstkommunen heng tett saman med tettstadsutviklinga og framtidsvisjonane i området, fortel Geir Granli, som vert dagleg leiar for Os-kontoret.
Arkitektkontoret får adresse Øyro 17. Målet for arkitektfirmaet er i følgje ei pressemelding å «bidra til ei positiv vidareutvikling av Os som regionalsenter ved å ta del i små og store regulerings- og utbyggingsprosjekt i kommunen».
Artikkelen held fram under annonsen.
Firmaet konstaterer at kommunens nye plan for tettstadsutvikling i Osøyro og oppgraderinga av E39 har ført til auka aktivitet i byggenæringa i heile bjørnafjordsregionen.
Ein annan grunn til ekspansjonen er at Bergen Arkitektkontor har hatt ein auke i tal kundar og samarbeidspartnarar i området, og dei har allereie hatt fleire oppdrag i Os. Eitt av desse prosjekta er detaljreguleringa av Jordmorsvingen i Os sentrum.
- Ein moglegheitsstudie i samband med dette er nyleg avslutta og prosjektet legg opp til ei utbygging som kombinerer nytt næringsareal og mange nye bustader ved inngangen til Osøyro, heiter det i pressemeldinga.
jostein@osogfusa.no