Ruvar på Ulven. Det skulle bli Lidls sentrallager for daglegvarer. 12 meter høgt, 298 meter langt og 120 meter breitt.
Ruvar på Ulven. Det skulle bli Lidls sentrallager for daglegvarer. 12 meter høgt, 298 meter langt og 120 meter breitt.

Opnar Lidl-bygget for folket

Måndag kveld inviterer Os Venstre til møte om arbeidsplassar i Os. Og det i sjølvaste Lidl-bygget.

Det er fyrste gongen at det segnomsuste Lidl-bygget vert opna for ålmenta.

- Ja, endeleg får osingane ein sjanse til å sjå gigantbygget, ler nestleiar i Os Venstre og andekandidat ved kommunevalet, Glenn Erik Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gründer-fokus

Temaet for det opne møtet er arbeidsplassar i Os. Fokuset vil vera på gründerar og deira utfordringar, samt små og mellomstore bedrifter.

Representantar frå Innovasjon Norge, Sparebanken Vest og vonadleg også får det nystifta Os Næringsråd, deltek.

- Vi i Venstre meiner politikarane kan gjere langt meir på dette området, men vi synest samtidig at temaet er for viktig til å enda som polemikk i ein politisk debatt. Difor har vi ikkje invitert politikarar til å delta, forklarer Haugland.

Høgre og FrP alle legg alle egga i denne eine korga og bruker Hordfast-planane som gissel på heile Ferjefri E39-prosjektet. På tvers av folkeviljen. Kvifor?
Høgre og FrP alle legg alle egga i denne eine korga og bruker Hordfast-planane som gissel på heile Ferjefri E39-prosjektet. På tvers av folkeviljen. Kvifor?

Eigarane deltek

- Eignar bygget seg eigentleg for slike arrangement?

- Nei, det gjer det jo ikkje. Folk må kle seg varmt, og vi reknar sjølvsagt ikkje med å fylla bygget, ler han.

- Men eigarane av Lidl-bygget vil vera der. Dei vil gjerne ha idear til kva som kan gjerast i bygget og orientera om kva dei sjølv tenkjer framover, seier Haugland.

- Fleire arbeidsplassar i Os er også den kanskje viktigaste miljøsaka ved haustens kommuneval, Berre tenk om vi kunne fått kutta arbeidspendlinga til Bergen.