Opnar i morgon
Mange har venta på gatekjøkenet Big Chef. I morgon opnar dei endeleg.
Brusen er på plass i kjøleskåpet, prislista er klar over disken, og Os kommune har gjeve serveringsløyve. Dermed er alt på plass for gatekjøkenet som held til i Fisketorgets gamle lokaler i Brugata.
- Ja, eg trur rett ogs lett vi berre opnar i morgon. Ja, det gjer vi, seier dagleg leiar Khairi Al-Abadal som bestemmer seg medan han står og diskuterer opningstidspunkt med journalisten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Argentina
Dermed er det bestemt. Gatekjøkenet Big Chef opnar i morgon, laurdag.
På menyen står både kebab, baguettar, pizza, smårettar og biff. Etterkvart vil dei også tilby utkøyring av mat.
- Og så får vi ein biffkokk frå Argentina som er veldig flink, seier Khairi.
- Er det behov for fleire restaurantar som serverer pizza her i Os?
- Vi har det på menyen som eitt av fleire tilbod, men det er ikkje pizza vi satsar mest på, seier Khairi som opphavleg er frå Irak.
- Kva med mat frå ditt eige heimland?
- Ja, det kan godt henda vi vil servera dolma (samlebeteikning på innbakte grønsaksrettar, journ.mrk) etterkvart. Eg synest det er veldig godt, men det er jo ikkje sikkert osingane likar det. Vi får prøva litt forsiktig og sjå om det slår an fyrst, smiler han.