Stasjonsleiar Fredrik Egenes framfor BIR Kolskogens første brukthall.
Stasjonsleiar Fredrik Egenes framfor BIR Kolskogens første brukthall.

Opnar brukthall for potensielle bruktskattar

I dag opna BIR gjenvinningsstasjon i Kolskogen brukthall for det folk måtte meina har gjenbruksverdi.

I tråd med BIRs strategi for gjenbruk får også BIR-stasjonen i Kolskogen no ein brukthall på anlegget. Hallen er ikkje all verda stor, men vil truleg gjera god nytte i tida framover.

- Me har fått ein konteinar som me har sett inn hyller og lys i. Me skulle gjerne hatt ein større, men slik anlegget vårt er i dag, var dette det som passa best. Me hadde rett og slett ikkje plass i garasjeanlegget vårt, seier stasjonssef Fredrik Egenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at det er ein fin start.

- I Fusa har dei ein større brukthall. Kanskje får me noko slikt på sikt. Inntil vidare er me glade for at også våre kundar får dette tilbodet, seier Egenes.

Verdfull for andre

I årevis har Egenes og kollegaane sett folk kasta fullt brukbare gjenstandar. No vert det endeleg høve for dei som kastar ting, å setja det av til eventuelle nye eigarar.

Då Os og Fusaposten var innom onsdag morgon, var det berre eit par tallerkar og eit kakefat i brukthallen.
Då Os og Fusaposten var innom onsdag morgon, var det berre eit par tallerkar og eit kakefat i brukthallen.

- Før var det vrient for folk å få auge på ting som var verd å ta vare på. No håpar me kundane sjølv evnar å setja bort det dei meiner kan ha ein verdi for andre. I tillegg vil me sjølv tipsa folk som kastar fine ting om heller å plassera dei i brukthallen, seier stasjonssjefen.

Han ser ikkje bort frå at det kjem til å bli jamleg med kundar som utelukkande kjem for å sjekka utvalet i brukthallen.

- Det er mange som er interesserte i gamle ting. Dessutan kan ein jo gjera gode scoop. Finna seg nye ski, ein fullt brukbar sykkel, TV, radio og mykje anna, smiler Egenes.