(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Operasjonar må utsetjast pga. streik

Seks pasientar som skulle bli operert ved Kysthospitalet må venta som følgje av at anestesilege er teken ut i streik.

I dag har fagforeininga Akadermikerne teke ut 194 sjukehustilsette medlemmer i streik. Hovudkravet deira er eit kollektivt vern mot uforsvarleg arbeidstid. Eit av sjukehusa som blir ramma er Kysthospitalet.

Seks pasientar må venta

- Streiken rammar oss relativt hardt med tank på at me ikkje får utført operasjonar i dag, seier sjukehussjef Kari Indrekvam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein ressurs på anestesi-sida er teken ut i streik, og det er dermed uråd for sjukehuset å få sett bedøving.

- Det er seks personar som skulle vorte operert som no må venta. Det er leit, men me gjer vårt beste i påvente av at situasjonen skal løysa seg, seier Indrekvam.

- Er det mogleg at dei blir sende til Haukeland?

- Det er ikkje ledig kapasitet der heller. I tillegg er det jo slik at det er planlagte operasjonar, og ikkje strakshjelp, me driv med, slik at nokre dagars venting kan aksepterast, seier sjukehussjefen.

Trur på snarleg løysing for pasientar

Adm. dir. i Helse Bergen, Eivind Hansen, er tilstades på Kysthospitalet i dag. Han seier at dei jobbar med å få på plass ei løysing for pasientane.

- Me ser på kva tilbod me kan gje til pasientane. Me treng litt tid for å få det på plass. Men eg trur me skal ha ei løysing klar for desse i løpet av dagen, seier Hansen.

Har skåna kritiske funksjonar

Ifølgje Akademikerne har dei bevisst unngått å råka dei mest kritiske funksjonane ved sjukehusa. Samtidig seier dei at det langsiktige målet deira er å få på plass tryggare rammer rundt helsetilbodet.

- Vårt mål er å unngå at pasientar møter ein utmatta lege på jobb, seier Christopher Kvistad, tillitsvald for Akademikerne til NRK.