Alrik og Adrian Lothe, Bastian Holmen, Josefin Antonsson, Marita Bruun og Lara Holmen.
Alrik og Adrian Lothe, Bastian Holmen, Josefin Antonsson, Marita Bruun og Lara Holmen.

Ønskjer omfattande trygging av skuleveg

FAU og leiinga ved Kuventræ barneskule ønskjer å trafikksikra Industrivegen før Ulvenvegen blir stengd for gjennomkøyring.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med bygginga av nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal vert Industrivegen dei neste åra ny hovudveg for trafikantar som skal frå Byvegen og vidare til Ulven. Ulvenvegen (fylkesveg 160) vert stengd, dermed vert det naturleg nok ein stor auke av trafikk på vegen frå Meny og vidare forbi Os vidaregåande skule. Etter det «Os og Fusaposten» kjenner til, vil Ulvenvegen bli stengd når Statens Vegvesen startar bygginga av nye E39 ein gong på seinhausten.

Meir trafikkfarleg

Industrivegen har i alle år vore skuleveg for ei rekkje elevar som skal til Kuventræ barneskule. No oppmodar FAU og leiinga ved skulen, kommunen om å gjera sitt for at den mellombelse hovudvegen vert godt trafikksikra for dei mjuke trafikantane.

- Når vegen med tida skal få såpass mykje meir trafikk, ønskjer me i første rekkje at det vert sett opp autovern mellom vegen og fortauet, seier Sturle Svendal.

Fjerdeklassingane Tiril Farsund Moe og Malin Meier-Meier Lone synest det er mykje bråk og trafikk langs med Industrivegen.
Fjerdeklassingane Tiril Farsund Moe og Malin Meier-Meier Lone synest det er mykje bråk og trafikk langs med Industrivegen.
Enkelte plassar må elevar og andre fotgjengarar ut i vegbanen for å koma seg vidare på fortauet i Industrivegen. Her ved lasterampane bak Meny.
Enkelte plassar må elevar og andre fotgjengarar ut i vegbanen for å koma seg vidare på fortauet i Industrivegen. Her ved lasterampane bak Meny.

Han er forelder til fleire elevar ved skulen og meiner ein må vera i forkant dersom naudsynt trafikksikring skal vera på plass til Ulvenvegen vert stengd.

Eit fotgjengarfelt over Varåsenvegen har lenge vore etterspurd. Når det no vert meir trafikk på Industrivegen, vert dette endå meir naudsynt. FAU-leiar ved Kuventræ skule, Wibecke Bruun, meiner det må fleire fotgjengarfelt oppover Industrivegen.

- Det er minst tre plassar ein bør få gangfelt: Ved innkøyringa til Meny, over Øvre Varåsenvegen og i krysset ved Bohus og Skaathun bilverkstad, seier Bruun.

Mykje køyring

Me møter Svendal og Bruun i Bohus-krysset i skulerush-tida onsdag morgon. Med seg har dei eit knippe elevar som til dagen merkar den aukande trafikken.

- Det er nok bilar og bråk som det er. Me treng ikkje meir trafikk, seier fjerdeklassingane Tiril Farsund Moe og Malin Meieer-Lone.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du ser korleis det er her. Sjølv om me i FAU oppmodar elevane ved Kuventræ skule til å gå til og frå skulen, er det mange som av ulike grunnar må bli køyrde. Det skaper trafikk, noko som igjen går utover elevane som tek seg til skulen til fots, seier Bruun.

- Så har me alle som blir køyrd til barnehagane og til Varafjell Avlastingssenter. Det er tre barnehagar i området her. Då vert det mykje trafikk, repliserer Svendal.

Namnet er Industrivegen

Medan me står på fortauet kjem det ei rekkje privatbilar, bussar og tyngre lastebilar susande forbi. Korkje Bruun eller Svendal har oversikt over kor mykje trafikk som til dagen passerer på Ulvenvegen, men det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at det blir ein markant auke i Industrivegen når Ulvenvegen vert stengd.

- Det er ikkje for ingenting at vegen i dag heiter Industrivegen. Det er mykje varelast som vert køyrd til og frå. Nede ved Meny tildømes må borna stundom ut i vegen for å gå rundt trailerane som står og lossar av utanfor cateringselskapet der, fortel Svendal.

Han vil gjerne ha yttarlegare eitt gangfelt i tillegg til dei tre FAU-leiaren nemnde.

- Utanfor Os Buss bør det byggjast ei skikkeleg busslomme med tilhøyrande gangfelt slik at dei som kjem frå Os og skal av i Industrivegen kjem seg trygt over på fortaussida. Eg veit ikkje kor lang tid det går før Ulvenvegen vert stengd, men utbetringane bør dei byrja på omgåande, seier Svendal.