Ønsker avgang heil og halv
Os og Fusa kommunar fremja ønske om hyppigare avgangar i samband med nytt ferjeanbod. Elles har dei sagt seg nøgde med dagens tilbod.
- Os og Fusa kommunar har spelt inn at det er ønskeleg med 30 minutts frekvens på sambandet, opplyser Skyss.
- Dette er viktig for oss i Fusa. Vi har ein ambisjon om at vi skal ha avgangar kvar heile og halve time. Det blir oftare enn i dag, og enkelt å forholda seg til, seier ordførar Atle Kvåle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv er han rimeleg godt nøgd med tilbodet slik det er i dag.
- Med 5.35 som første avgang og slag i slag deretter, så har vi eit godt tilbod i dei travlaste tidene på døgnet. I tillegg er det eit rimeleg bra tilbod på ettermiddag og kveld.
- Kan køyra rundt
- På Facebook-sida «Kvardagsprat i Fusa» har det vorte ytra ønske om seinare avgangar i helga. Då spesielt laurdag.
- Ja, men eg har reist med siste ferja mange gonger både på vekedagar og i helgar, etter seine møte og liknande, og det er alltid veldig liten trafikk då, seier Kvåle.
Han meiner ein framleis er godt dekka, sjølv om siste ferja laurdag har avgang 22.40, ein time og fem minutt tidlegare enn siste avgang alle andre dagar.
Mange andre stader er det omvendt og ein køyrer gjerne fleire ekstra seine avgangar natt til søndag - som nattbussen mellom Bergen og Os.
- No er vi jo veldig heldige i Fusa med at vi faktisk har to moglege vegar. Vi kan køyra rundt Samnanger også. Den vegen er grei om ein har vore i Bergen ein sein kveld. Eller om ferja står, minner Kvåle om.
Ingen klagar til Oseana
Arrangementsjef i Oseana, Beriet Steen, trur ikkje ferjetidene byr på store problem for fusingar som vil vera publikum i Oseana.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei fleste av våre arrangement på laurdagar startar klokka 19. Kanskje nokre så seint som 20, men det er sjeldan.
Vi opplever frå tid til annan at publikumarar spring ut dørene for å nå siste ferje, men vi har aldri fått klager eller oppmodingar om å starta tidlegare for at dei skal rekke siste ferja, skriv ho i ein epost.
Det einaste arrangementet i Oseana denne våren der dette blir ei utfordring for fusingane, er på Aurora-konserten laurdag 27. februar.
- Ho kjem på scenen klokka 22, så då gjeld det å ha vener ein kan overnatta hos på Os. Eller unna seg ei natt på hotell, føreslår Steen.
Facebook-engasjement
På Facebook-gruppa «Kvardagsprat i Fusa» har ferjeanbodet skapt engasjement. Det byrja med at Torild Lohne frå Bergegrend skreiv eit innlegg der ho skisserte kva ho meiner bør med i anbodet og spør om kven som kan sørgja for at anbodsgrunnlaget blir "rett", slik ho ønskjer seg det.
Blant ønska hennar er faste halvtimes avgangar i rush-tida morgon og ettermiddag, slik ordføraren også skisserer at kommunen alt har bede om. Også ønsket hennar om betaling med AutoPASS-brikke er teke i vare i det komande anbodet.
Andre ønske er fleire avgangar per døgn og ikkje minst seinare avgangar fredag og laurdag.
- Spesielt laurdag er viktig. Både for innbyggjarar i Os og Fusa som vil ta del i kvarandre sitt sosiale liv og arrangement. Og for ungdommane som pendlar til og frå vidaregåande skular på Os og Fusa. Os veks og blir stadig viktigare for Fusa, og Fusa blir Os sitt næraste "oppland", skriv ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bibliotek og utstilling
I tillegg peikar Lohne på planane for utbygging av Bjåneshalvøya, noko ho meiner vil påverka trafikken i neste anbodsperiode.
Ho har også kommunesamanslåing i tankane.
- Om nokon ser for seg ei "frivillig" samanslåing av Os og Fusa, er kommunikasjon heilt avgjerande, og det må leggjast meir i potten no, for det er no toget (les: ferja) går.
Lohne er dessutan oppteken av kompensasjon for tap av kapasitet på grunn av farleg last.
Utover dette kjem ho med ønske som gjeld serveringa på ferja og skisserer idear som kunstutstilling og ei avdeling av biblioteket, samt fri tilgang til internett.
Under innlegget har det kome over 60 kommentarar og ho har fått 53 "likes".
Skyss takkar for innspel
Tysdag 5. januar skriv Lohne at ho har fått svar frå Skyss som mellom anna skriv at Os og Fusa kommunar har meldt inn at dei er nøgde med dagens tilbod, før dei avsluttar med ein takk.
- Innspela dine er noterte og vil bli vurderte i det vidare arbeidet. Takk for engasjement og gode innspel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv er ho ikkje heilt nøgd med dette svaret. Og spør seg korleis Fusa kommune kan meina at dagens rutetilbod fungerer tilfredsstillande.
- Rutene som skal ut på anbod no, skal gjelda dei neste 10 åra (sånn ca). Då treng vi fleire turar per døgn, seinare avgangar laurdag, og moderne ferjer, sølv om vegen via Tysse er blitt super.
Då «Os og Fusaposten» torsdag spurte fem tilfeldig forbipasserande på Fjord'n senter kva dei meiner om dagens ferjetilbod, var dei fleste godt nøgde.
Einaste fleire av dei peika på, var ønske om seinare ferje laurdagar og betre busskorrespondanse.
Saknar venteskur
Myrna Haugland er blant dei som har kommentert innlegget. Ho støttar ønsket om seinare avgangar.
- Det burde vore ein seinare avgang om laurdagen. Og ein tidlegare enn 6.20 laurdag morgon. Eg byrjar på jobb klokka 7 00, skriv ho.
Utover dette seier Haugland at ho er nøgd så lenge det ikkje kjem meldingar om at ferja ikkje går.
- Og det er greie folk som jobbar på Fosen, skryter ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andre ønske har også vorte nemnd.
- Det burde vore eit venteskur på Hatvik. Det er kaldt å vera mjuk trafikant når noko skjer med ferja, skriv Simen Soltvedt i diskusjonen under innlegget hennar.
Behovet for venteskur blir støtta av ordførar Kvåle som skriv: - Einig med det med venteskur. Elles vil eg gje ros til SMS-meldingar når først problem har oppstått. Det gjer at vi kan velja alternativ veg i staden for å venta i uvisse på ein ferjekai.
Ordføraren slår også til med ein spøk:
- Treretters middag, kunstutstilling, bibliotek og leik og moro vil ikkje bli prioritert av meg på ein ferjetur på 12 minutt.