Oljelekkasje i Os hamn
Os Brannvesen rykte ut i 11.30-tida i dag på melding om oljelekkasje frå ein båt i Os hamn.
Ein slange på ei kran som stod om bord i båten rauk, noko som gjorde at det rann hydraulikkolje ned på dekk og vidare ut i sjøen.
- Det er ikkje snakk om store mengde som har nådd sjøen. Dei på båten har reinksa opp det meste på dekk, så det er ikkje noko me kan gjera her, seier Arne Monsen, leiar for beredskapsavdelinga.