Ole Bulls villa - eit lite stykke Noreg
Ti historiske landemerke i Noreg prydar i desse dagar omslaget på Freias melkesjokolade. Eitt av bileta viser Ole Bulls villa på Lysøen.
Direktør for komponisthjemmene, Sigurd Sandmo, hadde registrert at villaen hadde hamna på melkesjokoladen, då me snakka med han.
- Det har eg fått med meg, og eg har leita etter sjokoladane i butikkane i Os utan hell. Me får håpa at Freia tek ansvar og sender rikelege mengder av sjokoladen med Ole Bulls villa som omslag, til Os og Bergen. Me treng jo ikkje akkurat sjokoladar med erkebispegården på når me kan få Lysøen-sjokoladar, smiler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Positiv påminning
Sandmo såg tilfeldigvis eit bilete av sjokoladen på internett.
- Slike saker er positive påminningar om kor viktige verdiar muséa forvaltar for fellesskapet, og for næringslivet, seier Sandmo, som føreset at dette ikkje bryt korkje Åndsverkslova eller Markedsføringslova.
- Generelt opplever me som sagt mindre markedsføringsstunt som dette som positive, avsluttar Sandmo.