Offisiell opningsfest på Holmefjord
- Me har hatt ein fantastisk opningsfest i eit fantastisk ver, fortalde styrar i barnehagen ved Nore Fusa oppvekstsenter, Bente Ådland, då me ringte fredag ettermiddag.
Snorklippinga til det nye barnehagebygget stod einingsleiar for barnehage i Fusa kommune, Irene Kvåle Foer, for. Ho fekk hjelp av Dennis Araz Saldamli og Mathea Dale Eikeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prosjektansvarleg Per Rosvoll, samt tidlegare einingsleiar på Nore Fusa oppvekstsenter, Torill Os Ådland, var også til stades.
Sjølve opninga gjekk føre seg klokka 12.00, etterfølgd av hotdog og festkake i nyebarnehagen, som har eit flatemål på 460 m2.
Allereie kl 15.00 skulle det vera ny fest, sommaravslutning spesielt for 5-årsklubben, som skal over i barneskulen til hausten.
- Heile dagen i dag er ein einaste lang fest, smilte Ådland.