Arrangerte gjenbruksdag i Fjorden Arena
Tysdag vart det arrangert gjenbruksdag i hallen i Eikelandsosen.
– Det er i grunn det same som ein bytedag, men ein slepp å levera noko inn for å henta ut igjen, seier fungerande leiar i Fusa frivilligsentral, Henriette Tverli Dale.
Om tysdagane går Full Pakke av stabelen i hallen. Då er det mykje folk i hallen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har send ut skriv til skular og barnehagar på Fusa-sida, og eg har levert ut informasjon om dagen på Full Pakke tidlegare. Eg håpar at mange har fått det med seg. Det blir spanande å sjå korleis det går, sa Tverli Dale til avisa like før bytedagen starta.
Med vinterferien komande veke, meinte Tverli Dale at dei hadde funne eit passande «tema».
Det er Fjorden Arena, Fusa Frivilligsentral, flyktningtenesta og kultureininga som står bak gjenbruksdagen.