Nytt tilskot til legevakt i distrikta. Jobbar med fleire tiltak
Kommunar som slit med å rekruttere legar til legevakt, kan no søkja på eit tilskot på 50 millionar kroner.
Det er Helsedirektoratet som lyser ut tilskotet, som skal bidra til å redusera vaktbelastninga i legevaktordninga.
– I Hurdalsplattforma er vi tydelege på at vi skal sikra ei god legevaktteneste i heile landet, og greia ut løysingar som tar omsyn til belastninga fastlegane opplever både på kontoret og på legevakta, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Legevakt gir høg vaktbelastning, særleg i mindre og usentrale kommunar. Dette er ofte kommunar som allereie har utfordringar med å rekruttera fastlegar. Håpet er at styrkinga av legevakttenesta skal vera eit steg på vegen for å snu den negative utviklinga i fastlegeordninga.
I tillegg viser Kjerkol til at ei partisamansett arbeidsgruppe skal levera forslag til fleire tiltak som skal bidra til ei berekraftig legevaktordning i slutten av april.
– Å styrkja fastlegeordninga slik at rekruttering og stabil legedekning blir sikra over heile landet, er ei av mine viktigaste oppgåver, seier helse- og omsorgsministeren.