Nytt tilfelle av covid-19 torsdag - har same smittekjelde som tre tidlegare tilfelle
Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19.
Han har same smittekjelde som tilfella frå 13. september og 16. september.
– Alle fire er altså smitta på same stad og dato i Bergen, stadfestar kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale melder at alle nærkontaktar i Bjørnafjorden er varsla og sett i karantene.