Frå 1. september får Os og Samnanger legevakt nytt telefonnummer. (Illustrasjons
Frå 1. september får Os og Samnanger legevakt nytt telefonnummer. (Illustrasjons

Nytt legevakt-nummer

Du kan berre lagra 11 61 17 på mobilen fyrst som sist. Frå 1. september får nemleg legevakter over heile landet nytt, felles telefonnummer.

Frå tysdag 1. september må du ringa 11 61 17 for å koma i kontakt med den lokale legevakta, uansett kor i landet du ringer frå.

Telefonnummeret er gratis å ringa til både frå fasttelefon og mobil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lettare for turistar

Det er Helsedirektoratet og kommunane som har ansvaret for innføringa av det nye fellesnummeret. Målet er mellom anna at det skal vera lettare å kontakta legevakt når du er på reise eller flyttar.

- Medan dei fleste veit at 113 er nummeret til medisinsk naudhjelp, kjenner berre eit fåtal nummeret til si lokale legevakt. Eitt felles nummer for heile landet skal gjera det enklare for folk å hugsa nummeret og kontakta legevakta når fastlegen ikkje er tilgjengeleg, seier kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap i Os kommune, Nils-Petter Borge.

Gamle nummeret

Frå 1. september vil du framleis koma i kontakt med Os og Samnanger legevakt om du ringer det gamle nummeret, 815 17 020. Men om du ringjer 11 61 17 kjem du altså fram til den lokale legevakta, uansett kor du måtte vera.

- Lagra 11 61 17 på mobilen din med ein gong. Då treng du ikkje hugsa andre telefonnummer til legevakta, oppmodar Borge.