Ikkje vore på skulen: Kommunen opplyser at alle elevane på 8. trinn har hatt digital undervisning, både dei som var i karantene og dei som var unntatt karantene.

Nytt korona-tilfelle ved ungdomsskulen - forlengjer karantenen til elevane

Endå ein elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19, etter nærkontakt med eleven som testa positivt måndag 9. november.

Som følgje av dette, må alle elevane på klassetrinnet vera i karantene til og med 19. november. Det opplyser kommunen fredag.

Dette gjeld òg dei elevane på trinnet som tidlegare fekk beskjed om at dei ikkje var nærkontaktar, og difor ikkje trong vera i karantene. Desse er no sett i karantene på nytt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Eleven har gjort alt rett. Slik vert foreldre og skule følgde opp
Les også
57 i karantene etter å ha delteke på Ung Arena

Dei føresette til elevane på 8. trinn har fått beskjed på SMS og e-post.

Kommunen opplyser at alle elevane på 8. trinn har hatt digital undervisning, både dei som var i karantene og dei som var unntatt karantene.

Ingen på trinnet har, ifølgje meldinga på kommunen sine heimesider, vore fysisk til stades på skulen sidan karantenen blei innført, og det er ikkje mistanke om smitte til andre klassetrinn eller tilsette ved skulen.

- Dette er eit nytt smittetilfelle. Sjølv om den aktuelle eleven har vore i karantene, må kommuneoverlegen utvida smittesporinga og forlenga karantenetida. Dette gjeld ikkje dei tilsette i karantene, seier ordførar Trine Lindborg.

Les også
Elevar fortel om tung og rar stemning på skulen dagen etter det påviste koronatilfellet
Les også
Sju tilfelle på éin dag: - Kan verka voldsomt, men godt å sjå at systema fungerer