Nytt andlet og «nytt» lokale
Onsdag var det nyopning på Instinct-butikken i Os. I det «nye» lokale var eit kjent og eit nytt andlet.
Det er ikkje all verda ein kan gjera med 145 kvadratmeter, men Instinct-kjeda hadde like fullt lukkast med å få den gamle Ungdomsklær-butikken til å sjå ny ut.
Med nymålte vegger, fleire lys i taket og ved å opna opp for vindauga bak mot Telthusplassen er lokala no langt lysare og trivelegare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Takk vere god hjelp frå ustillingsekspert Camilla Skudal frå Instinct i Åsane er det også blitt meir oversiktleg.
Happy dag for veteranar
Standsmessig kledd strålar evigunge Steinar (Prikken) Bøe. Like bortanfor vert me tekne imot av butikkens nye daglege leiar, Petter Hanøy.
Begge to har årevis med erfaring frå bransjen og nettopp denne kjeda.
- Petter har vel jobba i firmaet i 39 år. Sjølv rundar eg 45 til hausten, smiler Prikken.
Han trappar godt ned på arbeidsmengda framover, men vil likevel halda fram i ei 40-prosent stilling.
- Det blir kjekt å vera med vidare. Med Petter på laget får me verkeleg ei erfaren betjening her, seier Prikken om mannen som dei siste fem åra har jobba på Instinct på Exibition i Bergen.
Kjenner osingane
Petter repliserer Steinars ros momentant.
- Det er me som skal vera glade for at Steinar vert med vidare. Eg gler meg til å bli kjent med osingane og få nye kundar, men utan Steinar vert det ein vanskelegare jobb. Det er vel ingen som kjenner osinganes klesvaner betre enn han, smiler Hanøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han håpar den "nye" butikken også vil lokka til seg nye kundar.
- Det er jo stor tilflytting i området, så potensialet er stort. Steinar har drive godt her i mange år. No ønskjer me å byggja vidare på det, seier han.
Instinct-kjeda satsar framleis på herreklede i midtskiktets prisklasse. Denne våren får butikken også inn eit nytt merke.
- Det er «Tiger of Sweeden». Eg prata litt med osingane då me hadde utsal før ombygginga. Dei var veldig happy med at me får inn dette nye merket - eit merke som er kjempe-in blant unge og vaksne herrar no til dags, seier den nye daglege leiaren i Prikkens gamle butikk.