Nytt andlet i tenesteutvalet
Venstre får fast plass i formannskapet. KrF får plass i tenesteutval og PBU.
Det opplyser dei to partia i ei pressemelding.
- KrF og Venstre har kome til semje om å halda fram det valgtekniske samarbeidet dei har hatt dei fire siste åra. Avtalen omfattar, som tidlegare, at Venstre får fast plass i formannskapet. KrF får fast representant i tenesteutvalet og plan- og bygningsutvalet, heiter det i pressemeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jon Sivert Rykkel (V) vil halda fram som representant i formannskapet, Sigrid Aanestad Bakke (KrF) held fram i plan - og bygningsutvalet og Jakob Enerhaug (KrF) blir ny medlem av tenesteutvalet.