Nye tiltak fredag: Regjeringa vil dekka delar av bedrifters faste utgifter
Regjeringa foreslår at staten dekker ein del av dei faste utgiftene for bedriftene som er koronaramma. Det blir anslått å vera 10–20 milliardar per månad.
Forslaget vart lagt fram fredag morgon.
– No er vi i fase to. No handlar det om bedrifter som treng cash, ikkje kreditt, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er tusenvis av norske bedrifter som no opplever at inntektene fell brått, men som likevel har husleige, forsikringar og andre utgifter som ikkje forsvinn sjølv om dei reduserer drifta og permitterer tilsette. Når staten dekker delar av desse kostnadene, aukar vi sjansen for at bedriftene held seg flytande og raskare kan bidra til å skapa verdiar og arbeidsplassar når krisa er over, seier finansminister Sanner (H).
Enkel ordning
Målet er at ordninga skal vera enkel både å nytta og administrera, og den blir utforma slik at det tek kort tid frå søknad er send til pengane er på konto, opplyser regjeringa.
Det blir lagt opp til at ordninga vil ha eit omfang på 10–20 milliardar kroner per månad, avhengig av kor mange bedrifter som kjem til å nytta seg av ho.
I samarbeider med Finans Norge skal det lagast ei løysing der bedriftene søkjer støtte gjennom ein digital portal. Behandlinga av søknadene skal i stor grad vere automatisert og basert på tilgjengelege registerdata.
– Norsk næringsliv står i den tøffaste kampen nokosinne, og framtida er veldig usikker. Derfor har vi sett i gang ei rekke strakstiltak som skal bidra til å redda bedriftene og arbeidsplassane. Ikkje alle bedrifter og verksemder har vorte fanga opp av dei krisepakkane vi har lagt fram, derfor jobbar vi med vidare tiltak. Kompensasjonsordninga skal vera med på å hindra at levedyktige bedrifter må leggjast ned, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Meir om éi veke
Ordninga blir utforma i tett samarbeid med både næringslivsorganisasjonane og banknæringa, gjennom Finans Norge. Det står framleis att å få på plass avgrensing og regelverk for ordninga, men dette vil vera klart om kort tid, ifølgje regjeringa.
Dei vil koma tilbake med detaljane om ei veke. Målet er at løysinga skal vere operativ så snart som mogleg.
– Eg vil takka NHO, Virke, LO og Finans Norge for godt samarbeid. Dette vil bety mykje for dei bedriftene som no kjempar mot sviktande inntekter og kostnader som løper. Vi vil prioritera å få raskt på plass ei enkel og effektiv løysing i staden for å bruka tid på sikra ei ordning med millimeterpresisjon. Så kan vi heller justera på ho undervegs viss det viser seg å vera behov for det, seier finansministeren.