Terje Søviknes og Marie Bruarøy feira opninga av Nye Luranetunet med mykje god mat.
Terje Søviknes og Marie Bruarøy feira opninga av Nye Luranetunet med mykje god mat.

Nye Luranetunet offisielt opna

Statssekretæren lovpriste Os for den unike nye sjukeheimen under opninga. – Regjeringa håpar at mange kommunar reiser til Os, for slike sjukeheimar vil me ha fleire av, sa Line Miriam Sandberg.

Ordførar Marie Bruarøy fekk overlevert nøkkel til huset frå primus motor Tor Inge Døsen, og erklærte nybygget offisielt for opna etter å ha sagt nokre velvalde ord.

– Det byrja med ein vill idé. Og no er den ville ideen vorte røyndom. Tropehagen gjer denne sjukeheimen heilt unik i Noreg, men vel så viktig er det at me skaper betre livskvalitet for bebuarane. Det å flytta inn i noko heilt nytt og moderne, med smarte og framtidsretta løysingar, gjennomtenkt til minste detalj for dei som bur her – det gjer kvardagen betre, sa ordføraren til rundt 130 inviterte festdeltakarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det forgjettede land

Helse- og omsorgsminister Bent Høie var invitert, men måtte melda pass. Han sende i staden sin statssekretær, Line Miriam Sandberg.

– Som lokalpolitikar i mange år har eg lenge gledd meg til å reisa til Os. Det var blitt som «det forgjettede land» for meg. Og no er eg endeleg her, og eg må tilstå at eg er litt sett ut. Å tora, å våga å villa, men å gjera det også – det er Os. Tropehagen er balsam for sjela. Det er innovativt tenkt og fantastisk utført. Og det måtte eg til Os for å oppleva, sa Sandberg.

Ho la til at ho håpte mange kommunar vil besøkja Os for å sjå kva ein har fått til der, for «slike sjukeheimar vil me ha fleire av».

Vindemøllepalmen kan bli opp til 15 meter høg.
Vindemøllepalmen kan bli opp til 15 meter høg.
Nye Luranetunet blir eit gjævt ettermæle for avtroppande prosjektleiar Tor Inge Døsen.
Nye Luranetunet blir eit gjævt ettermæle for avtroppande prosjektleiar Tor Inge Døsen.
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Line Miriam Solberg skrytte den nye sjukeheimen opp i skyene.
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Line Miriam Solberg skrytte den nye sjukeheimen opp i skyene.
(
(
Koret viste at Tropehagen er veleigna som konsertlokale. Signed, Sealed, Delivered stod på repertoaret.
Koret viste at Tropehagen er veleigna som konsertlokale. Signed, Sealed, Delivered stod på repertoaret.
(
(
(
(
Festen varte i mange timar, og Silja Døsen Moberg i Osøyro Kolonial leverte toppen av kransekaka, med mange slags nydelege tapas-rettar, med hjortekjøt frå Fusa og kjøtkaker frå Tysnes.
Festen varte i mange timar, og Silja Døsen Moberg i Osøyro Kolonial leverte toppen av kransekaka, med mange slags nydelege tapas-rettar, med hjortekjøt frå Fusa og kjøtkaker frå Tysnes.
Ordførar Marie Bruarøy fekk høgtideleg overlevert nøkkelen til bygget.
Ordførar Marie Bruarøy fekk høgtideleg overlevert nøkkelen til bygget.
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(
(

Entreprenør: – Døsen den beste eg har jobba med

Tor-Inge Døsen måtte tola skryt frå nesten alle talarane. Den tidl. prosjektsjefen i Os kommune, går av med pensjon i desember, og nye Luranetunet er dermed hans siste store prosjekt.

– Han har styrt prosjektet på ein flott måte. Men han har gjort så mykje ekstra! Tenk berre på «Bambus Bar». Han fekk ein idé, gjekk heim og spurte sonen sin om han kunne hjelpa med å byggja ein Bambus bar. Og no står han her. Slikt inspirerer, sa Bruarøy.

Dagleg leiar for entreprenøren Consto, Arve Sande, sa at Døsen var den beste representant for byggherren han nokon gong hadde jobba med.

– Han har vore krevjande, og har gjerne stilt seg i grøftekanten og fortalt oss korleis han vil ha det. Men når det blir stilt høge krav, er Consto på sitt beste. Det har vore ein fryd å samarbeida med Døsen, sa Sande.

– Me gjorde det for heltane våre

Døsen sjølv var ikkje sjenert for dei store orda sjølv heller. Han drog parallellen mellom Tropehagen og eitt av oldtidas sju underverk – dei babylonske hengande hagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har laga noko som ingen andre har gjort før oss. Med dette løftar me omsorga i Os til eit heilt nytt nivå. Og det gjer me for dei som er våre heltar og førebilete: dei eldre. Eit samfunn bør målast på kor godt det tek vare på dei svakaste, sa Døsen, medan han takka alle i rommet som på kvar sin måte hadde vore med på det store løftet.

Søviknes sin visjon

Mannen som hadde idéen til Tropehagen i utgangspunktet, ordførar i eksil, Terje Søviknes, greidde heller ikkje å halda seg vekke denne kvelden. Os og Fusaposten fekk nokre ord med han før han måtte fara tilbake til hovudstaden.

– Då Luranetunet opna i 2001 var det noko av det første eg opna som ordførar i Os. Den gongen hadde me ein visjon om at Luranetunet skulle bli ein samlingsplass for osingar flest, også dei som ikkje er pårørande. Det fekk me ikkje til så godt som me skulle ønska. Men no når me får dette flotte arealet, så trur eg at me vil greia det, sa Søviknes til avisa.

Alt denne veka vart Tropehagen nytta til sin første konsert, ved Os kulturskule, og i løpet av kvelden hadde også Os-koret Fonos ei rekkje framføringar som demonstrerte potensialet i salen.

– Dette vil bli ei heilt ny kulturstova i Os, til glede ikkje berre for dei som bur her, men også for alle andre. Tenk så fint å bu her og kunna ta i mot vener og familie i dette flotte lokalet, sa Søviknes.

ol@osogfusa.no