Nye E39: Måndag kveld blir delar av den nye vegen opna for trafikk
Ei nær to kilometer lang strekning av nye E39 og avkøyringsrampa austover ved Svegatjørn, blir teken i bruk for trafikk frå Halhjem og Moberg mot Tøsdal.
Det melder Statens vegvesen. Vegen blir opna måndag kveld. E39-trafikken austover ved Kolskogen og Svegatjørn i Os blir då lagt over på delar av nyevegen.
– Omlegginga av E39 vil gjelda vidare gjennom anleggsperioden for E39 Svegatjørn-Rådal, opplyser vegvesenet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Natt til fredag blir det trafikkdirigering på E39 i begge retningar mellom Ulvenvatnet og Tøsdalsskifet i Os. Då skal det utførast fresing i vegbanen og deretter legging av nytt asfaltdekke.
– Dette blir gjort for å klargjera nyevegen til trafikken frå 29. april av.