Christian Fotland vert ny rådmann i Os.
Christian Fotland vert ny rådmann i Os.

Ny rådmann frå 15. januar

Eit samstemmig kommunestyre gjekk i kveld inn for å tilsetja Christian Fotland som ny rådmann.

- Skal me tilsetja ein rådmann også, før me tek pause?

Spørsmålet kom frå ordførar Terje Søviknes etter at kommunestyret hadde behandla ei rekkje omdiskuterte saker, og var på overtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen hadde noko imot det, for tilsetjingssaka var ganske enkel. Fotland hadde utmerkt seg som den beste kandidaten. Sjølv om CV-en hans var unntatt offentlegheit, er det vel kjent at han har vore rådmann i to kommunar tidlegare, nemleg Radøy og Lillehammer. No kjem han frå stillinga som adm. dir. ved Høgskulen i Bergen.

Vilkår for tilsetjinga

Ordførar Terje Søvikens vart gjeven fullmakt til å forhandla fram ein standard arbeidsavtale med nye rådmannen. Stillinga er eit åremål som varer i seks år. Paul Manger vert konstituert som rådmann frå 1. januar til Christian Fotland kan tiltre.

- Fotland har meldt tilbake at han kan ta til i stillinga 15. januar, sa Terje Søviknes før salen einstemmig stilte seg bak valet av rådmann.

- Dette er heil ved, kommenterte ein nøgd Jonny Christensen i Fagforbundet i Os, om valet av Fotland, og viste til dei gode skotsmåla den nye rådmannen har med seg.