- Det er ein del ledige lokale i Os, og vi må koma oss eit steg vidare frå det å ha ein lapp i vindauge, seier næringssjef Daniel Skotheim.
- Det er ein del ledige lokale i Os, og vi må koma oss eit steg vidare frå det å ha ein lapp i vindauge, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Ny nettstad skal fylla tomme lokale i Os

Os kommune lanserer ny nettstad som skal skapa liv i kommunen. - Det er rett og slett ei oversikt over ledige lokale i Os, seier næringssjef Daniel Skotheim.

- Det er ein del ledige lokale i Os, og vi må koma oss eit steg vidare frå det å ha ein lapp i vindauge. Vi har så langt hatt ei halvvegs god løysing på Os kommunes nettside. Dette er ei solid oppgradering.

Viktig for å skapa liv i Os

Nettsidalokalerios.no skal gje ei oversikt over ledige kontor-, produksjons- og butikklokale i Os kommune, som er til leige eller til sals. Det er gratis å nytta nettsida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er eit samarbeid mellom Os kommune og lokalt næringsliv. Dei som skal etablera seg får full oversikt over kva som er ledig, seier Skotheim og held fram:

- Dette er noko som har lege i korta lenge. Kommunikasjonsavdelinga fekk eit innspel frå ein som har kome utanfrå og etablert seg i kommunen, om at det er eit behov for ei slik oversikt. Det gjer det lettare for dei som ikkje kjenner bygda til å etablera seg. Dette er ein viktig del av det å skapa liv i Os.

Næringssjefen inviterer alle som har ledig lokale, om å nytta nettsida.

- Det er enkelt å leggja ut lokale med skildring og bilete, seier han.