Ny leiar av Fusa Ap
Viggo Furubotn vart vald til leiar av Fusa Ap under årsmøtet tidlegare i vinter.
- Fusa Arbeidarparti hadde eit kjekt og innhaldsrikt årsmøte, opplyser nestleiar Agnete D. Aarvik.
Lokallaget hadde fått Kjetil Hestad som innleiar på møtet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Han snakka om sitt engasjement i «Nettverk for Fjord og Kystkommunar», fortel Aarvik.
Deretter hadde dei ein gjennomgang av årsmeldinga til Fusa Ap for 2015. Oppsummert har laget i dag 38 medlemer, og fekk seks representantar i kommunestyret ved kommunevalet. Dei har også ordføraren, Atle Kvåle.
På årsmøtet valde dei også nytt styre:
Viggo Furubotn blei ny leiar, Agnete Digranes Aarvik er nestleiar og kvinnekontakt.
Tre styremedlemmer blei valgt: Sveinung Halvorsen, Åse Margrethe Hegre Riise og Bergfrid Norheim.
Line Furubotn Storum er kasserar og Ulf Lie sekretær.
Viggo Furubotn var også utsending til Hordaland Ap sitt årsmøte.
- Vi i styret vil gjerne takka Ingeborg Naa Helle for fire år med god innsats. Ho har gjort ein framifrå jobb i styret som sekretær, opplyser Aarvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho poengterer også at Viggo Nonås gjorde ein god og viktig jobb i nominasjonsarbeidet.
Til slutt kan ho fortelja at Fusa Ap håpar på fleire medlemmer i 2016.