Desse tre kommunane blir lansert som ny mogleg bjørnefjordskommune.
Desse tre kommunane blir lansert som ny mogleg bjørnefjordskommune.

Ny joker i kommunekabalen

Kommunesamanslåing: Fusa lanserer nytt alternativ til Bjørnefjordskommune der Os ikkje er med.

Som«Os og Fusaposten» melde måndag vert det jobba for mogleg intensjonsavtale mellom Fusa, Os og Tysnes. Men i går hadde styringsgruppa for kommunereforma i Fusa møte, og der vart det lansert eit heilt nytt alternativ.

- Det nye alternativet er Tysnes, Fusa og Samnanger. Då får me to alternativ på bordet å vega opp mot kvarandre, i tillegg til null-varianten, seier ordførar Atle Kvåle. Desse tre alternativa blir dermed med i innstillinga til kommunestyret 18. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Landfaste og jambyrdige

Samnanger har signalisert at dei helst vil vera åleine, men det stoppar ikkje Fusa.

- I ei så pass omfattande sak bør dei i alle fall få invitasjonen. Dette har ikkje vore framme før, og bør vurderast, seier Kvåle.

- Kva moglege fordeler kan ein slik konstellasjon ha?

- For det første er dei landfaste desse tre. Dei er også nokolunde jambyrdige i storleik, og ligg fint på rekkje. Folketalet ville blitt ca 10.000 menneske. Det er ikkje heilt optimalt i forhold til det me veit om inntektssystemet så langt, men det er noko som tida må visa.

- Dersom ein først får lokka Samnanger utpå, kan det ikkje vurderast å ha Os med også?

- Det skal eg ikkje seia noko til, korkje for eller mot. Det får vurderast etter kvart, seier Kvåle.