Gravemaskiner på Torget tidlegare i år. (Arkiv
Gravemaskiner på Torget tidlegare i år. (Arkiv

Ny graverunde i sentrum

Os sentrum har vore fri frå graving nokre veker, men ut i neste veke brakar det laus att.

I løpet av neste veke startar nemleg Os kommune opp att gravearbeidet i Torggata, som strekkjer seg frå Torget ved Os Libris til parkeringsplassen framfor rådhuset.

Nokre veker

Fagleiar ved prosjektavdelinga på kommunen, Tore Andersland, kan ikkje seia sikkert kor lang tid arbeidet vil ta.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men det er snakk om nokre veker, ialle fall. I mellomtida gjer vi alt vi kan for å sikra framkomsten for innbyggjarane og syta for tilgjenge til butikkane.

- Arbeidet vert gjennomført så fort det er praktisk mogleg, seier han.

Kommunen vil prøva å halda Torggata mest mogleg open, men av tryggleiksomsyn, kan gata verta delvis eller heilt stengt i periodar.

Overvatn

Når Torggata vert ferdig, ventar ein del oppgåver i Øyro, sjølve hovudgata i sentrum.

No som tidlegare i vår, pågår det forbetring av vatn og avløyp. Kablar vert lagde og kummar skifta, slik at sentrum kan ta unna større mengder overvatn.

Liv på Øyro

Arbeidet dannar grunnlaget for planlagde ombyggingar i sentrumsprosjektet «Liv på Øyro».

- Målet er at vi skal sleppa å grava i Os dei neste 20-30 åra, seier Andersland.