Os Turnforening, her representert ved Os fotball sitt A-lag, fekk 333.000 grasrotkroner frå 590 gjevarar i 2015. (Arkivfoto)
Os Turnforening, her representert ved Os fotball sitt A-lag, fekk 333.000 grasrotkroner frå 590 gjevarar i 2015. (Arkivfoto)

Ny grasrotrekord

Nær 1 million gjevarar sørgde i 2015 for vel 394 millionar grasrotkroner til lag og foreiningar i Noreg. I Os kom Os Turnforening best ut av det med 333.000 kroner ekstra å rutta med.

Ifølgje ei pressemelding frå Norsk Tipping auka talet på grasrotkroner med vel ti prosent frå 2014 til 2015. 29.000 organisasjonar fekk pengar gjennom Grasrotandelen i 2015.

Beste fylke er Hordaland. Her vart det generert heile 45 millionar grasrotkroner i 2015.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os nyter idrettslaga best av ordninga. Os Turnforening fekk til saman 333.019 kroner frå 590 gjevarar i 2015. Deretter kjem Lysekloster idrettslag, Nore Neset idrettslag, Søre Neset idrettslag og Søfteland Turn og idrettslag med høvesvis 137.509 kroner, 117.889 kroner, 108.590 kroner og 96.876 kroner. Idrettslaga har mellom 200 og 300 gjevarar.

185 gjevarar sørgde for 105.392 kroner i kassen til Os Røde kors, medan I.L. Øyglimt sine 249 gjevarar genererte til saman 83.514 kroner.

Frå 1 til 40.000 kroner

92 lag og foreiningar står oppført i grasrotregisteret frå Os kommune. Foreiningane har alt frå 600 til 1 gjevarar. 14 lag og organisasjonar har ingen.

Ådlandsfjorden idrettslag er blant laga som mottek flest grasrotkroner i Fusa. Biletet er frå fotballskulen til idrettslaget i fjor sommar. (Arkivfoto)
Ådlandsfjorden idrettslag er blant laga som mottek flest grasrotkroner i Fusa. Biletet er frå fotballskulen til idrettslaget i fjor sommar. (Arkivfoto)

- Grasrotandelen har hatt ei solid utvikling siden lanseringa i mars 2009. Nesten éin million av Norsk Tipping sine kundar har registrert ein grasrotmottakar. Det er et formidabelt tall. Samstundes er det om lag like mange som ikkje har registrert nokon mottakar, heiter det på Norsk Tipping sine nettsider.

35 lag og organisasjonar i Fusa mottok alt frå 1 til nesten 40.000 grasrotkroner i 2015. Den største mottakaren er Sævareid ungdomslag med 92 gjevarar og 39.752 kroner.

Ungdomslaget vert etterfølgd av Ådlansdfjorden idrettslag med 56 gjevarar og 38.153 kroner og Baldersheim bygdalag med 75 gjevarar og 33.623 kroner.Medan Fusa karateklubb, Eikelandsfjorden musikklag og Eikelandsfjorden idrettslag innkasserte høvesvis 17.205 kroner, 12.638 kroner og 10.457 kroner som følgje av Grasrotandelen.

Gjennom Grasrotandelen får Norsk Tipping sine kundar høve til å gje vekk 5 prosent av innsatsen til lag og foreiningar i heimkommunen eller andre stader.