Iselin Borge (matfagleg ansvarleg), Thomas Samuelsson (ny dagleg leiar) og Josephine Ofelia "Jojo" Vågen (resepsjonssjef og adm. ansvarleg) utgjer det nye trekløveret som tek over leiinga av Bjørnefjorden Gjestetun.
Iselin Borge (matfagleg ansvarleg), Thomas Samuelsson (ny dagleg leiar) og Josephine Ofelia "Jojo" Vågen (resepsjonssjef og adm. ansvarleg) utgjer det nye trekløveret som tek over leiinga av Bjørnefjorden Gjestetun.

Ny framtid for Bjørnefjorden Gjestetun

Etter to månader med forhandling og kronerulling, tek dei tilsette no sjølve over drifta av hotellet.

- Endeleg! seier restaurantsjef Thomas Samuelsson når lokalavisa møter han i resepsjonen til Bjørnefjorden Gjestetun. Heilt sidan byrjinga av desember har han og fleire andre tilsette ved hotellet jobba for å sikra framtida for arbeidsplassen sin. 5. desember gjekk Synnøve Bjørke ut og sa at familien Bjørke vil trekkja seg ut av hotelldrifta og selja tomta til bustadføremål.

Hotelldrift i minst tre år til

Den nye eigaren er eigedomsutviklaren ByBo. Dei har sendt inn planen om å gjera tomta om til bustadføremål i noverande rullering av kommuneplanen. Dei tilsette vonar at hotellet kan drivast vidare likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er for det første ikkje sikkert at dei får gjennomslag for å ta av LNF-området og gjera det om til bustadføremål. Det andre er at det uansett vil ta fleire år å få godkjent ei slik omregulering, seier Samulesson.

I mellomtida vil dei tilsette satsa sjølve. Tre tilsette; Iselin Borge, Josephine "Jojo" Vågen og Thomas Samuelsson har difor stifta eit nytt driftsselskap - IJT AS (første bokstav i fornamna til leiartrioen) - som kan ta seg av drifta i mellomtida.

- I første omgang har me inngått ein kontrakt med ByBo om framleis drift av hotellet i tre år. Men me har også opsjon på vidare drift for eitt år av gongen etter den tid, seier Samuelsson.

Kva som skjer med hotellet dersom ByBo sitt prosjekt blir godkjent, er ikkje avklara enno.

- Me håpar sjølvsagt at me kan driva lengst mogleg, og vil jobba hardt for å lukkast, seier Iselin Borge, noverande kjøkensjef.

Alle dei tilsette får tilbod

Den 1. mars trer IJT formelt inn som drivar av hotellet. I dag er det 14-15 personar som jobbar der fordelt på rundt 11 årsverk. Den nye leiargruppa seier at alle desse vil få tilbod om vidare arbeid.

- I prinsippet er dette snakk om ei verksemdsoverdraging. Det vil seia at alle dei tilsette får tilbod om framleis jobb, seier Samuelsson.

- Det er positivt for gjestene våre å ha kjende andlet å forholda seg til, seier Borge.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Noko av grunnen til at familien Bjørke ville selja seg ut, var ein nedgang i marknaden. Omsetninga har gått frå 15 mill. kroner til ca 12 mill. kroner. Korleis ser de på det?

- Me meiner at botnen er nådd, og har tru på at me vil få dette til å gå rundt. Det me ser er at marknaden har endra seg. Då er det viktig at me endrar oss med marknaden, seier Samuelsson.

- Me kan ikkje lenger berre venta på at kundane kjem til oss. Me må sjølve ta aktive grep, seier Borge.

Har satsa eigne sparepengar

For å kunna starta eige driftselskap har det vore nødvendig å sprøyta inn litt eigenkapital. Både for å oppretta sjølve AS-et, men også for å ha ein buffer den første tida.

- Kvar kjem pengane frå?

- Litt kjem frå sparepengar, litt har me lånt, noko kjem frå vener og familie, seier Josephine Vågen. Ho har jobba her i 15 år, og er den av dei tre med lengst erfaring frå gjestetunet.

- Ho kjenner hotellet ut og inn, og det er ein stor fordel å ha henne med vidare, seier Borge.

Sjølv er ho relativt ny på hotellet, men har erfaring frå Bryggen Tracteursted. Ho trer inn i rolla som matfagleg ansvarleg i "nye" Bjørnefjorden Gjestetun. Josephine Vågen blir resepsjonssjef og administrativt ansvarleg, og Thomas Samuelsson vert dagleg leiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har diskutert ein del mellom oss kven som skal ta kva funksjonar. Me har kunna velja titlar på øvste hylle, smiler Samuelsson.

- Me kjem nok til å dela på dei administrative oppgåvene. Det viktige er at det vert gjort, seier Vågen.

Vil starta med catering og lokalmat

Det store personlege engasjementet i arbeidsplassen skulle vera ein openberr fordel for dei som no skal prøva å omsetja engasjementet til klingande mynt. Dei har ei rekkje idear som no skal bli sett ut i livet.

- Kva nytt kan osingane venta seg av Bjørnefjorden Gjestetun?

- For det første er det ikkje sikkert at det blir heitande Bjørnefjorden Gjestetun meir. Familien Bjørke sit på rettane til namnet, seier Samuelsson.

- Av nye tiltak vil me blant anna starta med catering frå mars av. Dersom folk har ein konfirmasjon eller eit dåpsselskap som dei har lyst å halda heime, så kan me ta oss av matlaginga, seier Borge.

Tidlegare resepsjonssjef Kristine Reksten har utvikla eit godt tilbod for dei gifteklare, som vil bli vidareført i det nye konseptet. Dei satsar også meir på lokalt publikum til restauranten, med eit konsept dei kallar "husmann".

I framhaldet vil også resepsjonen jobba med sal retta mot den lokale marknaden i større grad enn tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny optimisme

På sikt går dei med planar om å starta med matkurs.

- Me har ein kjempefin hage her. Her veks det bær, eple og urter. Eg elskar å bruka naturen i matlaginga, seier kjøkensjefen, som også er engasjert i Bjørnefjorden matkultur.

Den gamle kjøkensjefen, Børge Brekke, blir også hanka inn som rådgjevar for å få på plass att ein del av dei lokale leverandørane han hadde kontakt med.

- Der er ei ny optimisme her på huset no. Eg har tru på at me vil få budsjettet til å gå i hop berre me jobbar hardt. Og så vonar me at osingane vil ta oss i bruk endå meir enn i dag, avsluttar Borge.

FAKTA

* Familien Bjørke sel Bjørnefjoden Gjestetun til eigedomsutviklaren ByBo

* ByBo ønskjer å omregulera tomta til bustadføremål

* Dei tilsette startar nytt AS for å driva hotellet vidare

* IJT AS tek over drifta 1. mars

Artikkelen held fram under annonsen.

* Dei tilsette får tilbod om fortsatt jobb