Utbrot: Det store smittuutbrotet på Nore Neset ungdomsskule er litt av grunnen til at så mange testa positivt i kommunen på tysdag. Framleis har to klassar på denne skulen heimeskule ut veka.

Ny dagsrekord: 31 smittetilfelle på tysdag

— Me har eit stort utbrot på Nore Neset ungdomsskule. Det har nok sitt å seia for det høge smittetalet som vart avdekt i går, seier Klaus Melf.

Kommuneoverlegen vedgår at tala i kommunen heilt klart er stigande.

— Me har eit veldig stort smittetrykk også i nabokommunane. I så måte skjønte me at den vesle smittenedgangen me opplevde sist veke (frå 80 til 60) kunne vera litt misvisande. Dessverre viser det seg å vera rett. No har me eit stort trykk, seier Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fem klassar har heimeskule: – Me gjer det me kan for å vera i forkant
Les også
Vedgår at hurtigtestane kan gje falsk tryggleik. Hadde helst sett fleire påbod

Den gamle dagsrekorden i kommunen var 25 smitta på éin dag. I går var det altså 31 som testa positivt i Bjørnafjorden kommune.

— På VG si oversikt viser det 34. Korleis kan det ha seg?

— Då må det vera folk som er folkehelseregistrert i vår kommune, men som er busette på andre plassar, forklarar Melf.

Han trur ikkje smitten roar seg med det første.

— Eg er redd me har ein lei tendens av smitte no. Eg ser ikkje bort frå at det også blir vekesrekord i kommunen, seier han.

– Så langt denne veka har vi allereie fått 56 positive prøvesvar.

Les også
Innfører ikkje gult nivå no, men ber barnehagar og skular om å vera budd på at det kan skje
Les også
Dei nye nasjonale påboda og tilrådingane trer i kraft natt til torsdag. Her er alle tiltaka

Ta vaksinen!

- Eg vil oppmoda alle på det sterkaste til å ta imot tilbodet om vaksine - anten det er første, andre eller tredje dose. Dersom det har gått minst fem månader sidan du fekk andre dose, kan du no bestilla time for den tredje "boosterdosen", seier Melf.

– Elles gjeld akkurat det same som før: Hald avstand, hald deg heime og ta test om du er sjuk. Bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand. Følg smittevernreglane. Eg vil òg slå eit slag for Smittestopp-appen. Den kan gjera smittesporinga enklare, oppmodar kommuneoverlegen.