Ny assisterande rådmann
Elisabeth Farstad (54) er tilsett i stillinga som assisterande rådmann i Fusa kommune.
Farstad kjem frå stillinga som nestleiar og økonomiansvarleg i informasjonsavdelinga i Bergen kommune. Det skriv Fusa kommune på nettsida si.
Farstad har leiarutdanning frå Universitetet i Bergen. Ho har også utdanning i journalistikk og medievitenskap frå University of Oregon i USA.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Farstad har vore rådgjevar og redaktør, og hatt ulike leiarstillingar i informasjonsavdelinga i Bergen kommune dei siste åtte åra, heiter det på nettsida til Fusa kommune.
Den nye assisterande rådmannen har dessutan arbeidd i TV 2 og i lokalavisa Dagningen i Lillehammer.
Farstad tek til i stillinga 1. oktober.