Det har vore ein forholdsvis roleg helg for politiet i Os. (Arkivfoto)
Det har vore ein forholdsvis roleg helg for politiet i Os. (Arkivfoto)

Null promille

Urinering på offentleg stad, og to promillekontrollar er noko av det politiet i Os har teke hand om i helga.

- Det har vore ein forholdsvis roleg helg, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Natt til laurdag, i halv to-tida, gjennomførte politiet ein promillekontroll ved Kuven stasjon. 30 bilførarar vart kontrollerte, og alle var edrue.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ein vert meldt for å køyra utan gyldig førarkort. Han hadde ikkje førarrett på lett lastebil, som han køyrte med, opplyser Hadler-Olsen.

Sundag morgon var politiet på plass i trafikken igjen. Mellom klokka 9 og 10 vart tjue bilførarar kontrollerte for promille i Røtingavegen.

- Ingen hadde promille, fortel politioverbetjenten.

Elles har politiet fått melding om at to skilt er stolne frå to litauiske bilar i Lepsøyvegen. Ein tissetrengt kar hamna også i politiet sitt søkjelys då han urinerte oppetter ei butikkdør i Os sentrum natt til laurdag. Episoden vil truleg kosta han mellom 3.000 og 5.000 kroner.

I Fusa fortel politiet om ei stille og roleg helg.