NRK: - Vil vurdera fleire ferjeavgangar heller enn bruer på E39
NRK skriv torsdag at Vegdirektoratet vil finna ut om det er like hensiktsmessig å ha avgangar kvart 15. minutt på dei eksisterende ferjestrekningane, som å byggja bruer og tunellar på E39.
Planen per i dag er å erstatta dagens ferjestrekningar på E39 mellom Kristiansand og Trondheim med bruer og undersjøiske tunellar. Slik skal ein kunna redusera reisetida med sju timar og knyta arbeids- og bustadmarknader langs kysten tettare saman. Men no vil Vegdirektoratet finna ut kva «eit betre ferjetilbod vil ha å seia for samfunnet og om det er mogleg å oppnå dei same effektane som ved ferjeavløysing», seier seniorrådgiver i Vegdirektoratet, Joachim Rønnevik, tilNRK.
Terje Søviknes (Frp) ønskjer ifølgje NRK analysen velkomen, men meiner alt anna enn bru på Hordfast-prosjektet mellom Os og Stord «vil vera håplaust».
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hyppige avgangar kan fungera på korte ferjestrekningar. Men hos oss kan aldri ferje konkurrera med ferjefri veg, seier Søviknes tilnrk.no.
jostein@osogfusa.no