Nøttseter held fram som MDG-leiar
På årsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne Os vart Nils-Anders Nøttseter attvald som lokallagsleiar for styret.
Med seg i styret får han Malin Nøss Vangsnes (ny) og Svein Skotheim (attvald). Ellen Siren Bruarøy og Bjørn T. Bøe stod ikkje på val. Gunnar Kvåle held fram som vara, medan Heidi Tronsmo går frå fast medlem til vara. Marie Hauge er ny varamedlem. Det opplyser partiet i ei pressemelding.
- Eg vil takka årsmøtet for tilliten, og ser fram til å fortsetja arbeidet med å utvikla partiet her i Os, seier Nils-Anders Nøttseter, som òg er MDGs kommunestyrerepresentant.
Artikkelen held fram under annonsen.
På fylkesårsmøtet til Dei Grøne vart Nils-Anders Nøttseter og Bjørn T. Bøe valde til landsmøtedelegatar. Lisa Nøttseter er ny leiar for valkomiteen, og Heidi Tronsmo er medlem av nominasjonskomiteen.
Knut Ivar Børgesen, som alt er leiar for partiet sin regionale transportkomité på Vestlandet, vart nytt styremedlem i fylkeslaget. Han er for tida fungerande styreleiar i MDG Hordaland. Frå før sit Svein Skotheim i fylkesstyret