Takka vera godt politarbeid i Os, vart boksvindlaren pågripen i Fana i går. (Illustrasjons
Takka vera godt politarbeid i Os, vart boksvindlaren pågripen i Fana i går. (Illustrasjons

Notorisk boksvindlar pågripen

Ein boksvindlar med nasjonalt revir, syklist med øks og innbrot på Moberg er berre noko av det politiet i Os har handtert siste døgeret.

Ein notorisk boksvindlar med ein noko spesiell modus operandi har sidan i fjor haust vorte etterforska av politiet i Os. 

Vedkomande har, heilt sidan 2013, svindla til seg pengar ved å gå innom bokhandlar frå Finnmark til Sørlandet, levera inn to bøker av Jo Nesbø (?), og be om å få pengar attende. Etter at mannen la turen innom Hordaland i fjor haust, har saka vore på Os-politiets bord.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er jo ikkje snakk om store summane isolert sett, men over tid snakkar vi om store tap for butikkbransjen, forklarer førstebetjent Kenneth Rastad.

Dei siste månadane har ein etterforskar i Os arbeidd med saka og fått varsla både politi-Noreg og butikkbransjen over heile landet.

I går, fredag, dukka mannen opp på raid i Os, og politiet fekk melding frå tre ulike butikkar.

- Takk vera ei vaken betjening, fekk ikkje mannen pengar med seg. Om det er fleire som har hatt besøk av han, ber vi dei kontakta oss, seier Rastad.

Seinare på dagen vart mannen pågripen på ein butikk i Fana og sit no i arresten.

Politiet i Os vil arbeida vidare med saka. Mannen er mest truleg busett i Oslo.

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Syklist med øks

Ein politpatrulje pågreip i går ettermiddag ein mann i 20-30-åra som sykla og gjekk i vegen ved Amfi. Mannen var til hinder for trafikken. 

Det synte seg at sykkelen var stolen frå området  Søfteland. I tillegg bar han øks og hadde narkotiske tablettear på seg.

Mannen vil verta meld for å bæra øks på offentleg stad, tjuveri, eventuelt heleri av sykkel samt oppbevaring av narkotiske tablettar.

- Vi vil også vurdere å melda han for forstyrring av offentleg orden, seier Rastad.

Mannen er godt kjend av politiet og vart lauslaten i går ettermiddag. 

Innbrot på Moberg

I 19.30-tida i går vart det gjort innbrot i ein bustad på Moberg. Sjølv om alarmen vart utløyst, vart ein person observert i det han gjekk inn i huset. 

Politiet ber no om tips i saka dersom nokon har sett noko. Dei mistenkjer at vedkomande køyrde i bil frå åstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Huseigar er bortreist, så vi er usikre på kva som er teke. Ein del verdisaker låg att, men vi mistenkjer at nokre smykker er borte, seier Rastad.  

Politiet vågar ikkje å setja saka i samanhang med andre innbrot i Os den seinare tida.

- Men det har tradisjonelt vore lite innbrot i Os. Det har vore fleire no, men dette skjer uansett ikkje berre i Os, men også i kringliggande kommuner, seier Rastad. 

 

 

Rusa bilistar

Politipatrular pågreip i natt to bilistar etter mistanke om køyring i påverka tilstand. Ein er mistenkt for påverking av narkotika, den andre for alkohol. Begge vart køyrde til legevakta for rutinemessig blodprøve.

- Ingen av karane var spesielt samarbeidsvillege. Ein av dei måtte vi til og med halda fast for å få tatt blodprøve, seier Rastad.  

Ein av mennene var heimehøyrande i Os, men begge har fått kverrsett førarkortet. Ein av mennene var av utanlandsk opphav, medan den andre var etnisk norsk. 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Skryt til kriseberedskapen

Til sist vil førstebetjent Rastad nytta høvet til å rosa brannvesen, politi, BKK og kommunal kriseleiing for godt handtverk i forkant av stormen Tor.

- Dei fortener verkeleg skryt for god førebuing og hurtig innsats, seier han.