Eirik André Hesthamar og Egil Krukhaug liker å sjå på Nore Neset IL som ein stor møteplass for born, unge, foreldre og eldre.
Eirik André Hesthamar og Egil Krukhaug liker å sjå på Nore Neset IL som ein stor møteplass for born, unge, foreldre og eldre.

Nore Neset IL – meir enn eit idrettslag

Nore Neset IL er det største møtepunktet i krinsen på baksida av Liafjellet. Leiinga er ansvaret bevisst.

Nore Neset IL vart stifta i 1980 og hadde nokre blomstrande år mot slutten av førre århundre. Men med tanke på medlemstalsauke og utbygging av anlegg, var det først på 2000-talet at ting verkeleg byrja å skje kring idrettslaget.

I 2002 vart draumen om ein idrettshall og eit aktivitetshus realisert. Idrettslaget er i lag med Sanitetsforeningen og Nore Neset Grendalag eigar av stiftinga Nore Neset Aktivitetshus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Komplett anlegg

I 2008 gjennomførte idrettslaget det første store uteløftet då dei fekk kunstgrasdekke på sin gamle grusbane. I dag er dette blitt «gamlebanen».

– Me er veldig nøgde med anlegget me har fått realisert. Med dette nye klubbhuset, føler me anlegget er komplett, seier leiar i idrettslaget, Egil Krukhaug.

Leiaren har site i nær fire år og har vore med på store løft dei siste åra.

Dei nye forsamlingslokala i idrettsbygget mellom dei to ellevarbanane på Nore Neset vert mykje brukt. Tysdag var det aslutningfest med pizza for jenter 06-laget.
Dei nye forsamlingslokala i idrettsbygget mellom dei to ellevarbanane på Nore Neset vert mykje brukt. Tysdag var det aslutningfest med pizza for jenter 06-laget.

– Klubben har vore i enorm vekst dei siste åra. Ein ny bane vart etter kvart heilt naudsynt, seier Krukhaug.

I 2016 stod banen ferdig til bruk. Det nye klubbhuset, med dobbelt garderobeanlegg, lagerrom til slåddeutstyr, kiosk, forsamlingslokale, kontor og FFO-rom vart opna og teke i bruk denne sesongen.

– Me har fåt eit komplett anlegg her. Med klubbhuset her i midten, har me også fått ein ny møteplass for medlemene våre og alle som er tilknytta idrettslaget, seier Krukhaug.

Dagleg leiar i klubben Eirik André Hesthamar presiserer at huset er for heile idrettslaget.

– Me har også ei stor handballgruppe. Dette klubbhuset er også for dei. Det er viktig å understrekja, seier Hesthamar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samhald og venskap

Med godt over 800 medlemer, 34 fotball-lag, 29 handball-lag og bortimot 150 trenarar og lagleiarar, er Nore Neset IL den desidert største smeltedigelen og det store møtepunktet i krinsen. Leiinga i idrettslaget er ansvaret bevisst.

– Me er eit idrettslag, men ønskjer også å vera noko meir. Me skal leggja til rette for idrett og aktivitet, men også for venskap og samhald, seier Eirik André Hesthamar.

– Det siste er svært viktig for oss, poengterer Krukhaug, og held fram:

– Me er klare på at me ønskjer å vera ein breiddeklubb som tek vare på alle som vil vera med. Så legg me også til rette for satsing etter kvart som medlemene vert eldre, men samhald og det at folk skal trivast, står veldig sterkt her ute, konstaterer Krukhaug.

Nest størst i Os

Nore Neset er det einaste laget som er i nærleiken av Os Turn i storleik.

– Me er nest størst, og nærmar oss Os Turn som har vel 1.200 medlemer, seier Hesthamar.

– Os Turn har til gjengjeld fleire idrettsgreiner i laget. Her ute er det fotball og handball, seier Krukhaug.

– Men det er stor utbygging i krinsen, så me er budde på å bli større, seier Hesthamar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me famnar jo over eit stor område, og med ein av to ungdomsskular i kommunen like ved her, seier det seg sjølv at mange ungdomar lett får eit nært forhold til anlegget og idrettslaget her, seier Krukhaug.

– De har også fleire samarbeidsklubbar?

– Ja, frå 13 år og oppover har me såkalla samarbeidslag med Lysekloster IL og med Os Turn. Dette er samarbeid som gjev oss større fleksibilitet både for dei som vil trena litt, og dei som ønskjer det lille ekstra, seier Krukhaug og Hesthamar.

Hyller «Onsdagsgjengen»

Dei to leiarane trekkjer også fram foreldregenerasjonen og ikkje minst besteforeldregenerasjonen kring idrettslaget på Nore Neset.

– Me som har born i området er utruleg privilegerte. Me har utruleg mykje tilrettelagt like ved her me bur. Mykje kan me takka ressurssterke folk frå området for, seier Krukhaug.

– Me har barnehage, barneskule, ungdomsskule, fotball-anlegg og aktivitetshus. Det er ikkje tilfeldig at me har fått dette her i krinsen. Det mange flinke og handlekraftige folk som har jobba for dette, legg Hesthamar til.

– Dugnadsånda har alltid stått sterkt på Nore Neset?

– Ja, me hadde vel korkje hatt aktivitetshus, banar eller klubbhus utan den, seier dei to.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det nokon som bør takkast litt ekstra?

– Det er heilt klart folk som har vore meir ivrige enn andre, men me kan jo senda ein varm takk til «Onsdagsgjengen» i aktivitetshuset. Pensjonistane der har gjort enormt mykje flott for born og ungdom her på Nore Neset. Måtte berre dagens foreldregenerasjon bli like flinke når me når den aldaren, seier Krukhaug og Hesthamar.

Dagleg leiar i NNA, Karin Bøyum, hiv seg på skrytinga:

– «Onsdagsgjengen» utgjer til saman eit heilt årsverk. Den innsatsen dei gjer er fenomenal. Dei er uunnværlege.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no