Nok ei søftelandsbru i kritisk tilstand

- Alt for 30 år sidan skulle brua fiksast. Det vart ikkje noko av, og det står ikkje akkurat betre til med ho i dag, seier Olav Valle.

Brua det er snakk om er del av den gamle tilkomstvegen frå Eikhaugvegen til Sanden på Søfeland. Vegen er i dag attgrodd, og vert berre brukt av turgåarar.

- Eg fekk med meg saka om Bergstøbrua, ogkor raskt dei fekk på plass ei ny bru. Eg håpar at noko liknande kan bli gjort her, seier Olav Valle, som er grunneigar i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen eigarar?

Valles eigedom grensar akkurat ved brufeste til eine sida av brua. På andre sida eig Bergen og Hordaland Skogselskap. Os og Fusaposten klarte ikkje å sjå ut i frå kartet kven som faktisk eig sjølve brua. Me har også vore i kontakt med kultursjef Lisbeth Axelsen, som har sett på det same kartet. Heller ikkje ho klarte å sjå kven som er ansvareleg for brua.

- Slik eg les kartet er det Olav Valle som eig på "denne sida", medan skogselskapet eig på andre sida. Men det er ikkje markert kven som eig brua. Det må ein finna ut av før ein kan starta arbeid med brua, seier Axelsen.

Viktig å åtvara turgåarar

Os og Fusaposten har vist bilete av brua til kultursjefen, som seier at ho trur at heile brua må skiftast, utan at ho er ekspert på området. Ho fortel at medan ein jobbar for å få ei avklaring på kva som skal skje med brua, så må nokon setja opp skilt for å åtvara turgåarar. Det har Valle gjort.

Skulle fiksast på 1980-talet

Då Gro Harlem Brundtland var minister for første gong, vitja ho Søfteland.

- Ho vart faktisk avbilda ved brua, fortel Valle.

- Det må ha vore på starten av 1980-talet.

Alt på den tida var det snakk om at brua måtte fiksast. Det blei henta inn anbod, og Bergen og Hordaland Skogselskap var med og skulle ta ein del av kostnadene med opprusting av brua.

Så skifta skogselskapet styre, og var ikkje lenger interesserte, i følgje Valle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No håpar eg at brukarane ønskjer å ta i eit tak. Ei tilsvarande bru vil vera eit for stort prosjekt, men ei gangbru trur eg lèt seg gjera. Det er flott terreng her, og det er synd om det ikkje er tilgang til det, seier Valle.

Kva med fleire gangbruer?

Det er råd å koma seg til skogstiane i dag, utan å måtte kryssa den gamle brua. Då må ein kryssa den nye brua, og gå over tunet til Olavs bro, Henrik Arnold.

- Det er inga god løysing. Han ønskjer ikkje å ha mykje trafikk over tunet sitt, forståeleg nok, seier Olav.

Han håpar interessa er til stades for å få ei løysing på problemet, og samstundes lanserer han ideen om fleire gangbruer som kryssar Oselva.

- No opnar snart Knutabrua. Eg synest bygging av slike bruer er gode initiativ. Til dømes kunne det ha vore ein idé med bru frå Compact over til Gåssandvegen ved Sælen Møbler, seier Valle.