Nok ei god gåveinnsamling på Fjord´n Senter
Det er blitt tradisjon med julegåve-innsamling på senteret i Eikelandsosen. I år fekk dei inn to fulle sekkar med gåver.
Onsdag skreiv me om ei gruppe ungdomar frå Nore Neset ungdomsskule som har jobba i heile haust for å tena pengar som skal koma andre born til gode. Dei leverte gåvene til Barneklinikken i går. Torsdag tok senterleiar på Fjord´n Senter, Michele Drange Hjelle, på seg rolla som nisse. Ho leverer gåver til Sykehusbarn Vest.
- Me har fått inn mange gåver til borna. Det blei to fulle sekkar, med alt frå mjuke til harde pakkar, seier Drange Hjelle og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me vil takka alle i Fusa som har vore med og bidra meg gåver. Dette set me stor pris på.
Utelukkande nye gåver
Gåvene er samla inn frå slutten av november til tysdag denne veka. Alle som har bidrege, har kjøpt flett nye gåver.
- Gåvene må vera nye, på grunn av smittefare på brukte og gamle gåver, seier senterleiaren og legg til:
- Det er hyggeleg å kunna gje til dei som ikkje har ein så enkel kvardag.
Gåver under senter-grana
I år er fjerde året på rad at Fjord´n Senter samlar inn gåver til eit godt føremål. Første året gjekk gåvene til Kirkens Bymisjon, og andre året til Romania Hjelpen. I år som i fjor er det Sykehusbarn Vest som får gåvene som vert samla inn under julegrana på senteret i Eikelandsosen.