No startar bygginga av Ostunet
Bygginga av det nye byggefeltet mellom Oshaugen og Sveo har starta.
– Nok bustader er selde til at Ostunet kan realiserast og reisa seg i Os. No er bustadprosjektet i gang, opplyser Privatmegleren i ei pressemelding.
Fyrste trinn i Ostunet omfattar 16 leilegheiter, 10 einebustader og 5 rekkehus.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi er godt nøgde med starten, og ser frem til prosessen videre, seier dagleg leiar i Osstølen utbygging, Geir Døsen.
Full trøkk framover
I første fase er det bygging av infrastruktur og planering av tomter som skal utførast. Gravinga er i full gang, og grunnarbeidet blir gjort av Dale Entreprenør AS.
– No er det rett og slett full trøkk. Vi er veldig glade for at ting er i gang, seier Døsen.
Ni bustader i prosjektet blei selde før bygginga tok til.
– Dei første bustadene skal etter planen stod ferdig før jul i år, seier Døsen.
Clemens Eiendom, BD Eiendomsutvikling Holding AS og Baccus AS står for planlegginga og realiseringa av prosjektet.
Privatmegleren Vikøyr & Brandt er meklarfirmaet.