No skal turismen løftast fram
Fleire aktørar har meldt at dei ønskjer å samla næringa og løfta fram turisme Bjørnafjorden-regionen. Slik er prosjekt Bjørnafjorden Turisme blitt til.
– Vi ønskjer å gjera attraksjonar og opplevingane hos oss meir kjende og lettare tilgjengelege for tilreisande frå fjern og nær. Som næringssjef i Os ser eg også verdien i å samla næringa. For turisme må vi tenkja stort, og ser det som viktig å spela saman på tvers av kommunegrenser. Bjørnafjorden-regionen inkluderer Os, Fusa, Samnanger og Tysnes, skriv Daniel Skotheim i ei pressemelding.
Avhengige av bidrag
Tysdag 13. mars ønskjer Skotheim å samla alle som driv turisme kring Bjørnefjorden i Oseana.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Alle som representerer ei oppleving, ein attraksjon eller ein destinasjon i regionen vår er hjarteleg velkomne. Saman med Hans Parnefält i Os Travel vil vi presentera nokre forslag til korleis vi kan få i gang og mobilisera eit eventuelt samarbeid. Vi er heilt avhengige av bidrag for å få dette til, skriv Skotheim.