No legg dei seg i høgdetrening
Onsdag fekk Os brannvesen overrekt nøklane til sin splittar nye høgdeberedskapsbil. - Det blir mykje høgdetrening framover, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Den nye Scania 32 Metz-brannbilen ankom Os brannstasjon måndag. Onsdag var det klart for offisiell overrekking av det nye "gliset". Varaordførar Marie Lunde Bruarøy fekk æra av å ta imot nøklane frå leverandør Bjørn Egenes frå Egenes Brannteknikk AS framfor fleire inviterte gjester i brannstasjonen.
Naudsynt forsterkning
Bruarøy takka understreka at bilen vert ein ressurs for heile Os kommune, også andre etatar enn brannvesenet. Dessutan peika ho på at sjølv om bilens lift har ein rekkevidde på 32 meter, så var ikkje dette eit signal om at Os kommune no har tenkt å byggja høgblokker rundt om kring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brannsjef Stein Gjøsund poengterte etterpå kvifor denne bilen er ein naudsynt forsterking for beredskapsarbeidet i bygda.
- Det finst i dag plansaker i Os for bygg på 4-8 etasjars bygg. Det er klart at med slike planar, så må også brannvesenet i bygda ha utstyr til å kunna handtera brannar i slike høge bygg. Dessutan kan liften og det resterande utstyret på denne nye bilen nyttast til mykje anna. Til dømes ved redningsaksjonar i høgda og i ulendt terreng, sa Gjøsund.
I tillegg til å nå 32 meter til vers, har liften ein rekkevidde på 24 meter rakt ut til sidene. Liften kan også nå sju meter nedanfor avsatsen bilen sjølv står på.
- Med tilhøyrande kran kan me også nytta bilen til bilberging, og å redda folk opp av sjøen, sa Gjøsund.
- Men av omsyn til det tekniske utstyret kan liften ikkje nyttast under vatn, la brannmann Gitle Smaadal til.
Takka kommunen
Før doningen til 5,6 millioner kronar vart køyrt ut på plassen for vidare demonstrasjon, nytta Gjøsund høve til å takka kommunen.
- Det er mange brannstasjonar som har behov for ein kapasitet som denne bilen. Likevel er det langt frå sjølvsagt at etatane får ein. Me er svært takksame overfor politikarane og administrasjonen i Os kommune for at dei har sett behovet for å gjera ei slik investering. Eg er ikkje i tvil om at heile kommunen vil få mykje nytte av denne Scania 32-bilen, sa Gjøsund.
Han la til at medan dei i mange år har vore prisgjeven hjelp frå Bergen brannvesen, no er langt meir sjølvhjelpne.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Med denne bilen vil me også kunne vera til nytte for Bergen brannvesen, når dei måtte ha behov for hjelp frå oss, la han til.
12 sjåførarar
Per dags dato har Os brannvesen eit mannskap på 20 personar. Brannsjefen vil i vekene framover skulera 12 av desse til å kunna køyra den nye bilen.
- I tillegg vil resten av staben få rikeleg med skulering i korleis ein nyttar bilens mange funksjonar. Frå dag ein av skal me trena mykje, både i høgda og i ulendt terreng, lova Gjøsund.
På plassen utanfor var det deretter tid for prøvetur i korga på liften. Først opp var deler av pressen med Jan Petter Svendal og Kjetil Bruarøy, rådmann Knut Terje Rekve og varaordførar Marie Lunde Bruarøy. Lift-sjef for "tour de 32 meter opp" var brannkvinne Kjersti Mellingen.