Ikkje for seint: – Det er framleis ikkje for seint å ta influensavaksine, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

– No hastar det å ta influensavaksine

Influensaviruset spreier seg i Noreg. – Vi ser no ei influensabølgje under utvikling.

– Det er framleis ikkje for seint å ta influensavaksine, men det begynner å hasta, seier kommuneoverlege Klaus Melf til Bjørnafjorden kommune sine heimesider.

Dei som vil ta vaksinen, kan kontakta med fastlegen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fastlegane tilbyr vaksinen til risikogrupper til redusert pris. For barn og unge finst det no òg influensavaksine som nasespray, opplyser kommunen.

Dette er risikogruppene:

Personar over 65 år

Gravide i 2. og 3. trimester

Prematurt fødde barn

Barn/vaksne med nedsett immunforsvar eller annan alvorleg eller kronisk sjukdom (t.d. diabetes, lungesjukdom, hjarte-/karsjukdom, leversvikt, nyresvikt).

Andre målgrupper:

Tilsette i helse- og omsorgstenester

Artikkelen held fram under annonsen.

Nærkontaktar til immunsupprimerte pasientar

Personar som jobbar med levande grisar eller mistenkt influensasjuke fuglar

Influensavaksinen kan kombinerast med koronavaksine, påpeikar kommunen.

Personar i risikogrupper får koronavaksine gratis.

– Sjølv om koronasmitten er låg for tida, ventar vi ein auke seinare i vinter, avsluttar kommuneoverlegen i saka på kommunen sine heimesider.