No er det slutt på korona-legevakta i Bjørnafjorden
I morgon, fredag 22. oktober, er siste dag for eiga koronalegevakt i Bjørnafjorden.
Det opplyser kommunen torsdag.
– Etter dette vil fastlegar og ordinær legevakt handtera personar med luftvegssymptom som treng legetilsyn, skriv dei på heimesida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Målet med koronalegevakta har vore å hindra smittespreiing av koronaviruset til fastlegekontor og ordinær legevakt, og for å kunna tilby rask og effektiv hjelp til personar med covid-19.
– Pågangen til koronalegevakta har vore liten den siste tida. Dette tyder på at fastlegane allereie i stor grad har gått tilbake til å handtera pasientar med luftvegssymptom sjølve. Ofte er e-konsultasjon eller telefonsamtale tilstrekkeleg, slik at pasienten ikkje treng å møta fysisk på legekontoret i det heile. Dersom fysisk tilsyn er nødvendig, kan pasienten ta ein hurtigtest før oppmøte på legekontoret. Dette er opp til kvart enkelt legekontor å vurdera, seier kommuneoverlege Klaus Melf.