No blir ho kommunalsjef
Aina Tjosås får tittelen kommunalsjef, og ein ny plansjef skal tilsetjast.
I plan- og bygningsutvalet orienterte rådmann Christian Fotland om endringar som blir gjort i Os kommune. Tidlegare sat leiar for teknisk, Marianne Kramer, i rådmannens leiargruppe. No skal Kramer i staden rapportera til ei nyoppretta kommunalsjef-stilling for samfunnsutvikling.
Stokkar kabalen
Tidl. plan- og utviklingssjef Aina Tjosås går inn i denne nyoppretta stillinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til at kommunalsjefen inngår i rådmannens leiargruppe, vil også økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas tre inn her.
- Når me diskuterer budsjettspørsmål er eg heilt avhengig av den sparringa eg kan få frå økonomisjefen, forklarte rådmannen.
Ny plansjef
Tidl. plansjef Asle Andås går over i ei seniorkonsulent-stilling, og får ansvar for å halda tråden i alle kommunens interne planar. Ein ny plansjef skal dermed tilsetjast. Fristen for å søkja på stillinga som plansjef går ut 21. september.