Nissen svikta ikkje i år heller
Dei siste fire åra har nissen funne vegen til Ulven. Ikkje med slede, men med helikopter. Det spørs om nissen kjem seg heim att, fordi skumle vêrmeldingar gjorde at helikopteret måtte ta av så fort nissefar og nissemor var sleppt av.
- Ja, det spørs om vi kjem oss heim att til Nordpolen, seier nissefar.
- Du har ikkje gøymd sleden her på Ulven, altså?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, eg har nok ikkje det, seier han og smiler.
Spleiselag
Kjekt var det nok for ungane frå Ulvenvatnet barnehage, som fekk litt ekstra tid på fanget til nissen. Det er Tore Øvreeide med familie som kvart år inviterer nissefar og nissemor til Ulven, samt ein skule eller barnehage.
- Os Aero Klubb står for lokale, medan familien tek utgiftene med mat og drikke til ungane. Det er i grunn eit spleiselag mellom oss og Eide Services. Jan Gunnar Eide stiller med helikopteret. Vi brukar ein heil dag på dette, kvart år, seier Tore Øvreeide.
Fekk storfint besøk - i tillegg til nissen
Alle borna fekk prøvesitja i motor- og seglfly medan dei venta på at nissen skulle koma med presangar. I rufsete vêr, kunne dei også kosa seg med teiknefilm i stova til Os Aero Klubb. Då nissen kom, hadde han med seg både nissemor og ein gåvesekk, men først skulle dei eta graut saman med heidersgjeseten for dagen, statsråd Terje Søviknes.
Søviknes fekk ein førespurnad for dei tid tilbake, då han var ordførar, om ikkje han kunne koma og fortelja om si barndomsjul. Som kjent, blei osingen presentert som ny olje- og energiminister tysdag. Likevel fann han tid i kalenderen til å stilla på Ulven torsdag.
Borna måtte lova éin ting
Etter å ha prøvd så godt han kunne å forklara kven han er og kva jobben hans går ut på, sette Søviknes i gang med å fortelja om jula i barndommen, som var ganske så annleis enn det borna opplever i dag.
- Då eg var på alder med dykk, var det ikkje så normalt å kjøpa gåver. Då laga ein dei heller sjølv. Eg hugsar spesielt to gåver. Ein gyngehest som pappa laga til meg, og eit anna år fekk eg ein gravemaskin. Også den laga pappa. Det er difor eg er så glad i gravemaskiner i dag, seier Søviknes.
Før statsråden reiste vidare, og ungane fekk opna gåver, måtte dei lova ein ting til den nye olje- og energiministeren.
Artikkelen held fram under annonsen.
- På julaftan, så må de vera like snille som de er elles, og ikkje masa på foreldra dykkar om at no må middagen vera over, for no er det på tide å opna pakkar. God jul! Det var kjekt at eg fekk koma innom, seier Søviknes.