Nekta å vera med politiet til legevakta etter farleg forbikøyring. Det førte til ransaking av bilen
Kvinna i starten av 30-åra hadde ikkje førarkort, og gjorde det dårleg på teikn og symptom-test.
Ein måte politiet kan få ein indikasjon på om ein person er rusa eller ikkje, er ved teikn og symptom-test.
— Ved mistanke om at nokon er påverka, gjer vi ein systematisk gjennomgang. Denne kvinna framstod som påverka, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvinna skal ha gjort ei farleg forbikøyring på Halhjemsvegen. Årsaka skal ha vore at ho skulle nå ei ferje.
— Ferja kom ho ikkje med. Grunna mistanke om ruskøyring, ville politiet ha ho med til legevakta for blodprøve. Det ville ikkje kvinna. Politiet ransaka bilen, og der blei det funne mellom anna narkotiske tablettar. Kvinna vil bli meldt for forholdet, og vi ventar på analyseresultat på blodprøven, seier Birkeland.