Nei til altan ved Irish Cat

Irish Cat hadde ikkje avklart om tiltaket var greitt for grunneigar, og politikarane sa difor nei.

Irish Cat har søkt kommunen om å få byggja altan utanfor nattklubben. Han skal etter planen vera 36 kvadratmeter stor og kvila på søyler som går ned til gatenivå.

Fleire av politikarane var redde for at det vil bety meir støy for naboar. Plan- og utviklingssjef Aina Tjosås sa at det var mykje færre klagar på støy no etter at Irish Cat har gjennomført støyisolerande tiltak, så det var ikkje det som gjorde at innstillinga frå administrasjonen var negativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei har ikkje fått lov til dette tiltaket frå grunneigar, og då kan me ikkje godkjenna det. Dette formidla eg til innehevarane også, men dei insisterte på å få det opp til politisk behandling, sa Tjosås.

Terje Sperrevik var ikkje sikker på at færre klagar på støy var det same som å seia at problemet no er ikkje-eksisterande.

- No er motparten (BB Eigedom Invest KS og Terje Haugan) vekke, og no er det Os kommune som er motpart sidan me ønskjer å byggja bustader like over gata. Eg veit i alle fall at eg ikkje hadde hatt lyst å flytta inn der, om dette hadde gått gjennom, sa Sperrevik.

Men det gjorde det ikkje, og saka vart samrøystes avvist.