Nedstrippa, enkel og brukarvenleg
Dette er nokre av stikkorda trioen bak Os kommune sin nye nettside har jobba etter.
I løpet av førstkomande måndag får Os kommune heilt nye nettsider. Det er då over sju år sidan sidene sist vart fornya.
- Det går fort i informasjons-bransjen. Sidene frå 2009 var etter kvart blitt veeeldig gamle, seier leiar for avdeling informasjon og service i Os kommune, Simen Soltvedt.
Artikkelen held fram under annonsen.
I lag med kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Stende Bjaadal og vebredaktør Sigrun Bukkholm har han jobba med å utvikla dei nye sidene i litt over eit halvt år.
Brukarane i fokus
Onsdag fekk «Os og Fusaposten» ein liten "snikpremiere" på den nye nettsida. Det første som slo underteikna var at dei var strippa for store logoar, mykje farger og andre større visuelle effektar.
- Ja, det er rett at det er lite ekstra staffasje. Me har vald ein enkel og rein design for at sidene skal vera så lettfattelege og brukarvenlege som mogleg, seier Ragnhild Stende Bjaadal.
- Me trur heller ikkje folk går inn på kommunens side for å "digga" designen. Dei er nok mest av alt interessert i å finna opplysningane dei er på jakt etter fortast mogleg. Dette har vore blant våre viktigaste prioriteringar under arbeidet, supplerer Soltvedt.
Trioen fortel vidare at Oslo kommune sine nye nettsider har vore til stor inspirasjon.
- Dei har brukt mykje tid og ressursar på å laga gode nettsider. Dei har også brukartesta innhaldet. Me har gjort oss nytte av dei erfaringane dei har gjort, seier Bjaadal.
Fleire vegar til Rom
Samanlikna med dei gamle nettsidene til Os kommune er dei nye langt meir organisert etter kva brukerane er på leiting etter.
- Det vil seia at me har tenkt meir på kvar brukarane forventar å finna ting, enn på kvar me på huset vil venta å finna ting.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I tillegg er det fleire vegar til dei same opplysningane, og fleire kan det bli etter kvart som me utviklar sida, seier Sigrun Bukkholm.
- Ja, for de skal halda fram med å utvikla sida?
- Ja, det å laga nettportal-sider er eigentleg eit evigheitsprosjekt. Ein blir aldri ferdig. Dei kan alltid utbetrast og fornyast, seier Soltvedt.
"Musikkbinge" må på plass
Når den nye nettsida vert opna i løpet av måndagen, håpar dei på gode tilbakemeldingar, men også hint om feil eller manglar.
- Me er avhengige av hjelp frå brukarane for å utbetra sida. Det er klart den vil ha sine manglar. Me har tenkt på mykje, men garantert ikkje på alt, smiler Bjaadal.
- Eg ser det er eit frisøk-felt der. Kan de skriva "Musikkbinge" der?
- Oi, ja det kan me, men eg er redd det ikkje vert nokre treff. Kva er musikkbinge, undrar Bjaadal.
Soltvedt kjem underteikna i forkjøpet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ein container med fullt bandutstyr - eit kulturtilbod som Os kommune tilbyr ungdom gjennom Os Rockeklubb... Takk for tipset. Det skal me få lagt inn, smiler Soltvedt.
Tilpassa ulike format
I motsetnad til den gamle nettsida er den nye no tilpassa alle ulike nettlesar-format. «Os og Fusaposten» fekk demonstrert mobilversjonen - ein versjon som sjølvsagt langt overgår den gamle.
- Sjå kor mykje meir lettfatteleg dette vert. Her er det meny med store bokstavar. Lettleseleg og forhåpentligvis brukarvenleg, seier Soltvedt og viser på telefonen sin.
Kjappe oppdateringar er lett å få auge på. Spesielt liker me den nye «Kva skjer?».
- Dette er "kulturkalenderen vår". Denne sida er også linka direkte til programmet på Oseana. I tillegg skal alle lag og organisasjonar kunna kontakta oss å få lagt ut informasjon om sine komande arrangement, seier Bjaadal.
Flotte biletsider
Fotoarkivet er flott oppdatert. Her kan ein finna historiske bilete og flyfoto av heile Os.
- Øyvind Gjerde frå kulturkontoret har skanna samtlege bilete som er i Os-soga. Resultatet er kjempebra. Faktisk er bileta av betre kvalitet enn dei ein finn i boka, fortel Soltvedt.
Måndag markerer dei at kommunen har fått nye sider med ein liten seremoni i kommunetorget, men trioen bak nettsidane, ser ikkje for seg å kvila lenge på lauvbæra.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, det blir nok ein travel dag og travle veker etter lanseringa. Det er jo først når alle brukerane får prøva ut, at me fullt ut får hint om feil og manglar. Me er førebudd på å stå på og utbetra sidene så fort me vert gjort merksame på ting som bør endrast, seier Bjaadal.