Nedrig tjuveri frå Minneparken
Seks, sju planter er stolne frå Minneparken i løpet av veka.
– Me er godt vane med at folk stel frå beda våre, men når dei stel frå Minneparken, eit par dagar før 1. mai, så synest eg det er vel nedrig, seier gartnar i parkavdelinga til Os kommune, Siri Berge.
Planteinteresserte tjuvar
Ho meiner seks, sju planter har forsvunnet frå beda i Minneparken denne veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg veit ikkje om tjuvane er på ferde om natta eller kva, men det er jo litt pussig at dei vågar å gjera det – at dei ikkje er redde for å bli oppdaga, seier gartnaren.
Denne veka er det forsvunne ein del påskeliljer og fleire vårlyng. Berge meiner å sjå eit mønster.
– For meg verkar det å vera forsøk på å tilsløra tjuveriet. Vedkomande som tek plantene, tek alltid nokre innimellom der dei står tettast, eller i bakkant, der færre kan sjå at noko er borte.
– Og kva seier det deg?
– Nei, det blir jo berre gjetting, men for meg verkar det som om dette ikkje er ungestrekar. Eg tenkjer at me kanskje har å gjera med ein planteinteressert tjuv, seier ho.
Ønskjer tips
Gartneravdelinga bruker mykje tid på å erstatta stolne planter. Berge trur dei kunne vore spart for mykje arbeid om dei hadde fått opp eit videokamera.
– Me har prata om det, men det spørst vel om me får lov. Om ikkje, håpar eg folk i bygda kan følgja med og gje oss eit tips om dei ser noko mistenkeleg, seier Berge.
- Nei, folk får kjøpa sine eigne blomar og la offentlege bed og plantar vera i fred, konstaterer Berge.
Artikkelen held fram under annonsen.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no